Velkomen til oss
Berre ein time sør for Bergen finn du ei vakker øy som raskt smyg seg innunder huda di. Her ligg fjord og fjell tett på gode smakar, levande kultur og varme folk – ein pakke det er lett å setja pris på.
Bla deg gjennom menyen vår og oppdag det beste Tysnes har å by på.
Nyheit:
Nytt gatekjøken i Våge
"Rett i nebbet" opna i Esso-lokala 2. april,
med hamburgar, bakt potet, pizza og anna digg rask mat på menyen. I første omgang er opningsdagane fredag-søndag. Følg dei gjerne på Facebook:
Bli betre kjent med Tysnes:
Turinspirasjon
Gå sherpastien til Tysnessåto
Den høgaste fjelltoppen vår ragar 753 meter over havet og er eit attraktivt turmål nær sagt heile året.
Opplev Tysnes si mest spektakulære utsikt
Hovlandsnuten 727 moh. er noko av det aller vakraste Tysnesfjellet har å by på.
Eit mylder av turmål
Tysnes har turar for alle funksjonsnivå – finn inspirasjon til din neste tur via knappen under.
Hald deg oppdatert:
Følg @tysnesgjevmeirsmak på Instagram
Følg Tysnes gjev meirsmak på Facebook
#tysnesgjevmeirsmak
Tysnes gjev meirsmak er eit medlemsstyrt lag som jobbar med å synleggjera alt det unike Tysnes har å by på av tenester, opplevingar og produkt gjennom felles marknadsføring. Tysnes gjev meirsmak hos alle som besøker oss!
Tagg oss gjerne i SoMe om du vil at me skal dela innhaldet ditt.









































































































