Gjestehamner

Båtturistane vender tilbake til Tysnes år etter år – finn ut kvifor, du òg.


Våge gjestehamn 

Moderne kaianlegg sentralt plassert på Tysnes. Kort veg til servicebygg med dusj, toalett, vaskemaskin og tørketrommel.


Restauranten Mandelhuset ligg like ved, og det er elles gangavstand til daglegvarehandel, koselege nisjebutikkar, sommargalleri, bank, m.m. Hamna har badebrygge med sauna (Tysnes fyrstove) og stupetårn. Flott leikeplass for borna på kaien og gode turmoglegheiter i nærleiken.

I hjartet av hamna ligg Tysnes turistinformasjon (Flytenaustet), som har servering av både is og burgar.

Tlf. 53 43 21 00

NETTSIDE

OnarHamn

Ei kombinert nærings- og gjestehamn ved Alsaker Brygge på Onarheim.


Det er tilgang til servicebygg med tolaett og dusj. Sløyebenk, vatn, straum og gratis internett får ein også som gjest her. Hamna har eit spektakulært stupetårn der ein kan hoppa frå 3 og 5 meters høgde.

Frå Alsaker Brygge er det berre ein kort rusletur opp til OnarTun, som har daglegvarer, treningssenter, squashbane m.m.


Obs: Bunkringsanlegget i OnarHamn er for tida ute av drift grunna anleggsarbeid.

Årbakka Handelsstad

Ei perle du ikkje vil gå glipp av på båtturen din! Årbakka Handelsstad er ein klassisk, vestlandsk handelsstad som gir deg kjensla av å reisa 100 år tilbake i tid.


Her er vatn, straum, dusj, vaskemaskin, tørketrommel, krambu med sal av lokalt handverk og kioskvarer, kunstutstillingar og kystmuseum.


Det som gjer denne handelsstaden ekstra spesiell, er at den er nærmaste nabo til eit gravfelt frå eldre jarnalder med fleire bautasteinar.

PS: Handelsstaden er open laurdagar og søndagar frå medio juni til medio august.

NETTSIDE

Tysnes Sjø og Fritid

Gjestehamn med tilgang til straum, toalett og dusj. Ein kan og leiga båt og feriehus her.

Butikk (Joker), badeplass, sandvolleybane og turstigar i nærområdet. I kort avstand frå brygga (med båt) ligg den gamle landhandelen og serveringsstaden E. H. Vaage.

Lunde gjestehamn

Straum og vatn på kaien. Butikk, diesel og bensin om lag 350 meter frå kaien. Ballbinge, pumptrack, badeplass og fine turstiar i nærområdet.


Hamnevakt: 997 16 864.

Uggdal gjestehamn

Ligg like ved Tysnes Sjø og Fritid.

Straum og vatn. Butikk (Joker), badeplass, sandvolleybane og turstiar i nærområdet.