Restaurantar og serveringsstader
Her finn du matopplevingar for einkvar smak.
Haaheim Gaard
Haaheim Gaard er kjent for sin særeigne og personlege atmosfære, og byr på smakfull mat med sesongbaserte råvarer. Hotellet har eigen gartnar som skapar hagen om til eit matfat, kor det blir hausta urter, grønsaker, frukt og bær. Restauranten har fleire lokale i ulik stil og storleik, og borda blir dekte med damaskdukar, tøyserviettar, kandelabrar og blomar.
Lunsj og middag kan førehandstingast kvar dag. I juli er det drop-in-lunsj. Ein kan også bestilla hageselskap i lysthusa, bygd på dei engelske tradisjonane for afternoon tea.
Kokkane varierer menyen fra dag til dag, sjå nærmare info på haaheimgaard.no.
Tlf: 534 33 000
Mandelhuset
Som ei kvit perle, rett ved sjøkanten i Våge, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidlegare ein landhandel og kai for fjordbåtane. No har staden blitt omgjort til ein lun og koseleg restaurant der kjøkenet bruker norske råvarer til å trylla fram gode matopplevingar for deg og dine.
Dagens eigarar har hatt drifta sidan 2005, men Mandelhuset blei til i 1995 etter at landhandelen la ned året før. Då hadde den vore i drift heilt sidan 1923.
Vertskapet si oppgåve er å vera ein god restaurant og møteplass på Tysnes, dei gjer sitt beste for at Tysnes skal vera ein god plass å bu og besøka.
Tlf: 534 32 100
Myrdal gard
Det er eit must å besøka Myrdal gard når du er på Tysnes i sommarhalvåret. Her er det store trekkplasteret nydeleg pizza frå vedfyrt omn, med ei rekkje spanande ostar og smakar. Ta gjerne ein tur til Tysnessåto først, så smakar maten ekstra godt!
I gardsbutikken kan du elles la deg freista av lokalproduserte produkt som ost, yoghurt, iskrem, egg, kjøt og fersk bakst. Myrdal gard sel også syltetøy, saft og pølser frå andre lokalmatprodusentar.
Tlf: 40 19 09 40
Rett i Nebbet
Tysnes sitt nyaste tilskot på matfronten opna i Esso-lokala i Våge våren 2026. Her får du kjøpt hamburgar, pizza, hot dog og anna digg rask mat. Du kan eta på staden eller velja takeaway.
Følg dei gjerne på Facebook for å halda deg oppdatert på opningstider og nyheiter.
Tlf: 48 19 70 54
E. H. Vaage landhandleri, bageri og dampskibsexpedition
På kaikanten i Uggdal har Haaheim Gaard restaurert ein gamal landhandel frå 1902 og reopna den som som lokalmatutsal, bakeri og sjokoladefabrikk. Butikken er som eit levande museum med gjenstandar og atmosfære frå ei svunnen tid. Ute er det sitjeplassar med flott sjøutsikt.
Restaurant: E. H. Vaage serverer danske smørbrød med eit spennande og variert utval av pålegg. Kvar bit er eit lite stykke kultur, servert med kaffilukt i lufta og gamle tregolv under beina.
Landhandel: Her finn du smakfulle skattar laga med kjærleik og tradisjon. I hyllene står heimelaga sjokolade, sprøe kjeks, syltetøy og marmeladar som smakar av sommar og solmodne bær.
Tlf: 53 43 30 00
(Haaheim Gaard, driftar)
Nguyen Vårrull
Catering & takeaway
Frå matvogna utanfor OnarTun tilbyr Nguyen Vårrull eit variert utval rettar frå det vietnamesiske og thailandske kjøkenet. På menyen finn du alt frå vietnamesiske vårrullar og dampa bollar (banh bao) til ulike ris- og nudel-baserte rettar med kylling, scampi, biff eller and.
Tips: Du kan ta maten med deg inn på senteret og eta ved eit av borda i kafeen, så er det nesten som å gå på restaurant.
Tlf: 48 27 81 29
Fru Aarvik / Aarvik gard
Handverksbakeri, kafé og gardsbutikk på Baldersheim – ein kort køyretur frå Tysnes.
Dette er garden du og dine får lyst å besøka igjen og igjen. Her tryllar Ranjeeta Styve Aarvik fram dei flottaste bakverk, alt frå saftige surdeigsbrød, rundstykke og scones til freistande skillingsbollar og mandelknultar. Bakaren, for mange best kjent under namnet Fru Aarvik, har ein stor lidenskap for gode, kortreiste kvalitetsråvarer, og spesielt urkorn og andre gamle kornsortar.
Garden har også sal av andre økologiske produkt som kaffi, te, sjokolade, nøtter, tørka frukt, ost, spekemat, juice/most, grønsaker i sesong og mykje anna godt.
Tlf: 92 40 10 99
Myrvold gård
Hos Myrvold gård på Huglo står kortreiste, gode smakar i sentrum.
I pizzarestauranten blir pizzaen steikt i vedfyrt steinomn og toppa med råvarer frå eigen gard. Pizzaost og mozzarella blir laga av mjølk frå kyrne på garden, medan pølse og spekeskinke kjem frå eigne ullgrisar. Heimedyrka urter frå hage og drivhus er også med på å gi pizzaen eit heilt eige preg.
I gardskafeen kan du kosa deg med nysteikte vaflar med heimelaga rømme og syltetøy, ferske bakevarer og heimelaga is.
Gjennom sesongen blir det invitert til afternoon tea og andre arrangement, følg med i sosiale medium for å halda deg oppdatert.
Tlf: 470 43 390
Ivyelli
Den beste kaffien på Tysnes?
Kaffibaren hos Ivyelli har eit godt utval av deilig, nykverna kaffi som ein kan nyta inne eller «to go».
Her kan du også kjøpa deg noko søtt å bita i. Dei fleste fredagar er det sal av heimelaga bollar.
Flytenaustet
Som eit triveleg midtpunkt i hamna i Våge ligg Flytenaustet - ein kiosk drifta av Mandelhuset. Her kan du i sommarhalvåret kjøpa softis eller kuleis som du kan nyta på bryggekanten.
Tlf: 53432100 (Mandelhuset)
Kafeen på OnarTun
Ein i utgangspunktet ubemanna kafe, der du kan forsyna deg av gratis kaffi.
Du får også kjøpt deilig soft-is, berre ta kontakt med beteninga i Joker-butikken.
Kafeen er for alle, og er ein fin stad for å ta seg ein pust i bakken.
Tlf: 53 43 07 00
(Joker Onarheim)
