Daglegvare og drivstoff.
Tysnes har seks daglegvarebutikkar, éin bensinstasjon og tre ladepunkt for el-bil.
Spar Tysnes
Spar Tysnes ligg sentralt plassert i Våge Nærsenter, 200 meter frå ferjekai og Våge hamn. Butikken er kjent for si flotte fruktavdeling, stort vareutval og ei freistande ferskvareavdeling med heimelaga fleskepannekaker som ein spesialitet. Spar Tysnes har tipping/rikstoto og pizza takeaway.
Tlf: 53 43 12 09
Extra Tysnes
Extra stort utval til Extra låge prisar.
Sentralt i Våge, like ved Esso'en. I tillegg til daglegvarer har butikken post, tipping, blomeavdeling, bøker m.m.
Tlf: 53 43 21 55
Bunnpris Lundegrend
Romsleg daglegvarebutikk med godt utval, samt tipping, pakkeutlevering, diesel og bensin. Butikken har i tillegg ei stor isenkram-avdeling med kjøkenutstyr, verktøy, garn, leiker, fiskeutstyr og mykje meir. Her får du tak i det meste du treng, anten det er til ferien eller kvardagen. Velkomen til ein triveleg handel i hjartet av Lundebygda.
Tlf: 53 43 31 02
Joker Onarheim
Her finn du daglegvarehandel, leiker, tipping, minibank, utstyr for sjø og fritid, drivstoff og ladestasjon for el-bil. Senteret er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Elles på OnarTun: Møteplass med kaffiservering, motellrom, og treningssenter (sjå meir under fanene "overnatting" og "aktivitetar".
Tlf: 53 43 07 00
Bruntveit Handel
Bruntveit Handel er butikken med det store hjartet. Ligg idyllisk til ved sjøkanten på Bruntveit på Reksteren. Daglegvarebutikk som også tilbyr diverse fiskeutstyr, tipping og pakkeutlevering.
Tlf: 53 43 27 03
Joker Uggdal
Joker Uggdal er ein daglegvarebutikk med post i butikk, tipping, bensin, diesel, olje, fiskeutstyr og jernvare. Dei har og ein god del bilrekvisita, fiskeutstyr og diverse jernvarer. Gangavstand frå båthamn.
Velkommen til ein triveleg handel!
Tlf: 53 43 20 66
Apotek 1 Tysnes
Hos Apotek 1 Tysnes møter du kunnskapsrike og hyggelege tilsette som viser veg til kloke helseval og betre livskvalitet.
Du finn apoteket på Våge Nærsenter, ved sida av Carisma Frisør.
Tlf: 53 43 00 40
Drivstoff og lading
BIL: Bensin og diesel får du fylt på Esso i Våge, Joker Uggdal, OnarTun på Onarheim og Bunnpris i Lunde.
Det er per dags dato tre hurtigladestasjonar for bil på Tysnes; ein vis a vis Esso og Extra i Våge, ein ved ferjekaien i Våge og ein ved OnarTun.
BÅT: Bunkring av drivstoff kan du gjera i Våge (og til vanleg i OnarHamn, men den er mellombels stengd pga utbyggingsarbeid).
Våge gjestehamn tilbyr lyn-lading av båt.