Butikkar.

Butikkane på Tysnes finst ingen annan stad. Ta turen innom, og unn deg noko fint, nyttig, godt eller kjekt.


Tysnes Blomster & Interiør

Tysnes Blomster & Interiør ligg sentralt plassert i Våge Nærsenter. Her finn du det meste du skulle trenga. Alt frå fiske- og båtutstyr, hagereiskapar, måling og kjøkkenartiklar til ei stor og fin interiøravdeling, og ikkje minst ei bugnande blomsteravdeling. Dei tilsette har lang og god erfaring innanfor faget, og er fokusert på god og serviceinnstilt kundebehandling.


Butikken er ein del av Interflora og Happy Homes, og du kan difor enkelt bestilla blomar for levering gjennom Interflora sine nettsider, eller sjå kva utval dei har av golv, tapet og måling via Happy Homes sine sider.


Tlf: 53 43 16 80

Annes klær

I Våge Nærsenter finn du ein velassortert kledebutikk, full av mote for jenter, gutar, damer og herrar frå 0 til 100, berre eit par hundre meter frå ferjeleiet.


I tillegg til klede fører Annes klær AS skotøy, kosmetikk og garn i eit godt utval. Du er hjarteleg velkomen til ein hyggeleg handel!


Tlf: 53 43 13 01

Gøy på landet

Gøy på landet er ein butikk midt i Våge Nærsenter, med masse gøy for både store og små. Butikken er med i leikekjeden "Yes vi leker", og har godt utval av leiker til alle sesongar. I denne butikken finn du også det populære snopet frå "Godteland".


Utanom leiker og snop er her spel, skulesaker, kontorrekvisita og fine kort for ei kvar anledning. Ta turen og møt blide damer og god sørvis.

Tlf: 534 31 422 / 913 07 279

Ivyelli

Ivyelli - Kaffi og Kle finn du på "Svingen" i Våge sentrum. Butikken er full av fine ting me jenter ønsker oss, - klede, velværeprodukt, gourmetprodukt, flotte interiørvarer og andre små overraskingar.

 

Kaffibaren har eit godt utval av deilig, nykverna kaffi som ein kan nyta inne eller «to go».


Velkommen til ein hyggeleg handel både i butikken og i nettbutikken.

NETTSIDE

Andersland Bygg 

Andersland Bygg sitt varehus ligg i Uggdal. Her får alt frå profesjonelle handverkarar til hus- og hytteeigarar og hobbysnikkarar det dei måtte trenga av byggevarer, reiskapar og utstyr. Som medlem i Byggtorget-kjeden lagerfører og leverer butikken varer og tenester frå dei mest anerkjente produsentane og importørane.


Her vil du finna dyktige og engasjerte tilsette, som har som mål å finna løysingar, og saman med kunden skapa den gode kundeopplevinga.


I tillegg til eit breitt utval av varer, tilbyr også Andersland Bygg rådgjeving/prosjektering, og tenester som tilskjering av glasruter, filing av nøklar, betongarbeid, kranbil og mykje meir.


Tlf: 53 43 05 10

NETTSIDE

Bygg Tysnes

Fagbutikken i ditt distrikt. 

Har det meste innan byggevarer og interiør.

Skaffar det du treng til hus og heim. Inne og ute.

Stort eller lite prosjekt, Bygg Tysnes hjelper deg!
Ta turen til Heggland.


Tlf: 53 43 15 44

Meirbruk

Ofte samlar me på klede og ting som er altfor gode til å kasta, men som me ikkje lenger har bruk for. Hos Meirbruk i Våge kan du enkelt selja dette, gleda andre og tena pengar samstundes. Å kjøpa brukt sparar energi og ressursar, og minskar forureining. Derfor er det beste me kan gjera for miljøet å bruka opp det som allereie er laga; me må bruka tinga meir før me kastar dei. Ved å gje tinga dine nytt liv er du med på å gjera verda litt grønare.


Butikken er sjølvbetjent og open kvar dag. Du låser deg inn ved hjelp av ein kode du mottek på SMS.

Tlf: 977 48 005

NETTSIDE

Har du tips til kva me kan ha med på nettsida?


Send melding her
Share by: