Kunst og handverk

Det er mange unike ting som blir laga på Tysnes. Ta gjerne kontakt med desse kreative og nevenyttige personane for ein hyggeleg handel!


Tysnesfellen

SAUESKINNS-PRODUKT

Tysnesfellen syr skinnfellar og småting til barn og voksne av saueskinn frå eigne sauer. Sauene er av rasen norsk pelssau og gammalnorsk spelsau. Har og garn for sal frå eigne pelssauer.


Lurer du på noko, ta berre kontakt.


Tlf: 97119770 (Jorunn Økland)

Breidablikk Anno

– der historia vaknar til liv

Velkomen til ein heilt spesiell galleributikk og verkstad! 500 meter frå Våge finn du eit lite univers av tekstilhandverk og kulturhistorie, skapt av Britt Kjellesvik Rage.

Her kan du oppdaga handlaga skattar du ikkje finn andre stader: Dokker i historiske drakter – og dokker som inspirerer til leik. Historisk inspirerte plagg for både vaksne og barn, frå vikingtid og mellomalder.


Bøker av Knut Rage og Britt sine eigne draktbøker, samt skiftande utstillingar av autentiske historiske plagg. Mini-foredrag etter avtale.


Ope på førespurnad heile året i Grovarvegen 16, ta kontakt med Britt for avtale, tlf 98654110.

NETTSIDE

Irén T. A. Færevaag/

Tegnekroken

PYROGRAFI OG TEIKNING


Teikneglad dame busett på vakre Tysnes, øya der min far var fødd og oppvaksen. Elskar å teikna generelt, ville dyr og fuglar spesielt. Teiknar tidvis på oppdrag, har deltatt med arbeid på utstillingar lokalt, har god erfaring med å halda teiknekurs, både med gråblyant og favoritten svipenn.


Pyrografi (teikning med svipenn) er det eg arbeider mest med for tida. Arbeida mine har fått nye heimar både i Noreg og utanlands.

Tlf: 41680499

Ida Meland / Kreativida AS

SAUMARBEID OG BAKING   

Kreativida AS er ei bedrift som tilbyr ulike kreative tenester innan to ulike fagområde: saumarbeid og baking:

1. Tilverking, reparasjon og tilpassing av bunader og tilbehør til desse. I hovudsak hardangerbunad til dame, men tek også andre oppdrag både innan bunadsarbeid, reparasjon av klede, gardiner og møbeltekstilar.

2. Ulike bakverk som kaker, makronar og cupcakes. Leverer temakaker med til dømes marsipan, fondant eller smørkrem til dåp, konfirmasjon, bryllaup og andre feiringar. Lagar også tradisjonelle festkaker. Likar godt ei utfordring så ta gjerne kontakt ved spesielle ønske!

Tlf: 99302549

Rannveig Ljostveit Helland

BILETKUNST

Eg har måling som min store hobby. Det eg målar er som oftast fjell og fargerik abstrakt.

Tlf: 91307279

Lise Kvinnsland

BILETKUNST

Mitt namn er Lise Rosendorf Kvinnsland. Eg flytta til Tysnes for nokre år sidan, etter at eg blei pensjonist. Måling har vore min viktigaste hobby dei siste 20 åra. Eg har drive mest med oljemåling, men også litt akryl og akvarell.


Bildet viser eit oljemåleri av kafé-motiv fra Stockholm.

Tlf: 48200200

Mies ullverden

ULLFIGURAR

Ved hjelp av ull, nål og ein god dose kreativitet lagar Anne Marie Malkenes livaktige figurar med mykje personlegdom. Ekstra populære er Snipp og Snapp.

Følg med på facebooksida for å sjå kva som er for sal. 

Tlf: 95285162

Åse Aalhus

BILETKUNST


Mitt namn er Åse Aalhus, og eg er utdanna innan dekorasjon og reklame. Eg bur i Bergen, men har hytte og atelier på Tysnes, der mesteparten av bileta mine blir til. Eg målar/teiknar i ulike teknikkar og stilartar (noko som gjer det vanskeleg å visa mitt potensiale).


Ta gjerne ein kikk på min instagramprofil, fb eller heimeside.

 

Tlf: 416 95 426

NETTSIDE

Anna Sofie Epland

DIVERSE HANDARBEIDSVARER

Eg er pensjonist og elskar handarbeid. Småstrikk og litt lappeteknikk er det eg driv med mest.

Tlf: 47628950   

Mona Amland

BILETKUNST

Målar bilete i akrylmåling. Motiva har vore maritime, barn, tre og blomar. Motivasjonen min for å måla er: Først å fremst gleda ved å skapa, og å vera i ei utvikling. Laga nye bilete som er betre eller i alle fall annleis. 

Etter avtale kan du besøke meg på målerommet heime på Amland.

Tlf: 48113138

Marina Mihaylova / @Kake_Bergen_Tysnes

Bakverk og ukrainsk mat


Marina er ein dyktig og kreativ konditor frå Ukraina, som er lidenskapleg opptatt av faget sitt. Ho bur no på Tysnes, og målet er å etablera sin eigen arbeidsplass.


Hos Marina kan du bestilla nydelege, velsmakande:


1. Unike kaker til bryllaup og andre merkedagar, kaker til barneselskap, dåp, konfirmasjon, avslutningar, jubileum, samt temakaker, dessertkaker, terter, cupcakes, marshmallowbukettar, godteri med meir.


2. Ukrainske rettar som dumplings, borsh, salatar og anna.


Ta ein kikk på hennar instagramprofil for døme. Ta òg kontakt om du har spesielle ynske.


Tlf: 93979643

Ønsker du å vera med på denne sida?


Send melding her