Welcome to us
Just an hour south of Bergen lies a gem of an island municipality, with flavors, nature, and experiences that simply make you want more. Once you've taken a bite, you'll immediately want more.
Check out our menu, find your favorites and enjoy Tysnes!
Have you tried our local “stairway to heaven”?
Stay updated
Follow @tysnesgjevmeirsmak on Instagram
Lyst på ei overnatting litt utanom det vanlege? 😀 Her er tre unike stader som på kvar sin måte byr på noko ekstraordinært, alle med vakker natur rett utanfor døra:
🐦 Birdbox Årbakka
For nokre år sidan kom det eksklusive overnattingskonseptet Birdbox til Tysnes og Årbakka. 🛌 Denne komfortable minihytta ligg heilt for seg sjølv eit stykke oppe i lia, med fantastisk utsikt mot Onarheimsfjorden, Ulvanosa, Melderskin og Rosendal. Ta med deg kjærasten eller ein god ven – det er sengeplass til to.
Staden er gjestefavoritt på Airbnb, besøkande frå inn- og utland gir denne perla toppscore. ⭐️
🌊 Vaktmeisterhuset på Solstråleøya
I Godøysundet ligg frodige og eventyrlege Solstråleøya, kjent for si mystiske historie og rike planteliv. 🌳 Aust på øya, berre få meter frå sjøen, kan du overnatta i det som tidlegare var Kongen sin vaktmeisterbustad. 👑 Huset har sengeplass til sju.
Dette er staden for eit rolegare tempo – med bølgeskvulp som bakgrunnsmusikk og frisk sjøluft inn kjøkenvindauget. Som gjest her kan du låna kano og utforska dei flotte padleområda rundt øya. 🚣♀️
🥾 Skihytta på Ådnastegen
I Tysnesfjellet, om lag 1-1,5 time frå allfarveg, kan du leiga ei hytte med enkel standard og stor sjarm. 🥰 Skihytta på idylliske Ådnastegen har to soverom og hems + sovesofa, og av fasilitetar kan me nemna gasskomfyr, solcellepanel, bålpanne og hengekøye. Det er fleire fiskemoglegheiter i området. 🐟
Vatn hentar du frå ei kjelde like ved hytta. Å overnatta her er ei reise tilbake i tid, og garantert ei minnerik oppleving.
Nyfiken på å vita meir? Du finn kontaktinfo til dei ulike stadene her på visittysnes.no, under fana "overnatting".
~
📸 Bildet frå Birdbox Årbakka har me lånt av @amkleppe
Tysnes-sommaren har ikkje stengt dørene heilt enno, men det gjeld å kjenna si vitjingstid. 😊🍽
Kanskje vil du innom favorittplassen din éin gong til før hausten bankar på døra? Her er litt matnyttig info å ta med seg inn i helga og vidare utover månaden:
📌 E.H. Vaage blir snart filmsett, men du har ein siste sjanse til å besøka den gamle landhandelen denne helga. Ope i morgon, laurdag og søndag. Siste opningsdag er dermed 10. august.
📌 Også Galleri Elisabeth G har ope til og med søndag.
📌 Myrdal gard har framleis ope onsdag-søndag. Etter 17. august blir det helgeope ut månaden.
📌 Sommarsesongen på Årbakka Handelsstad varar til og med søndag 17. august. Ope laurdag-søndag.
📌 Mandelhuset har no ope torsdag-søndag.
📌 Flytenaustet/turistinfoen i Våge har ope fredag-søndag.
📌 Aarvik gard på Baldersheim har ope i morgon, laurdag og søndag. Frå neste helg av er det ope fredagar og laurdagar.
📌 Myrvold gård på Huglo har også ope i morgon, laurdag og søndag. Deretter helgeope ut august.
Sjå nærmare detaljar på visittysnes.no
Her er ein smakebit på kva du kan finna hos Meirbruk i Våge. 😁 Me snakkar retrofunn, mat frå inn- og utland, suvenirar og mykje meir.
Den sjølvbetente butikken er open alle dagar frå 08 til 20. Du låser deg enkelt inn ved hjelp av ein kode som du får på sms. 📲
Kven tar du med deg på skattejakt her?
📽️ Oleh Tyvoniuk
⛵️ Tre perler du kan besøka med båt 🚤
Rundt øya vår finn du tre kvitmåla skattar som byr på kvar sin unike atmosfære, sommaridyll, gode smakar og historisk sus. 😍 Fortøy båten og senk skuldrene på kaikanten – her vil du nok bli ei stund. ⚓
💙 E.H. Vaage – Uggdal
Den gamle landhandelen frå 1902 serverer i år lekre danske smørbrød med både kjøt, fisk og grøne alternativ – alt lagt på heimebaka rugbrød med kjærleik og tradisjon. Kanskje går du for ei rabarbraterte med vaniljekrem til dessert? 🍰 Eit måltid her gjev garantert meirsmak.
💙 Mandelhuset – Våge
På denne koselege restauranten kan du velja frå ein variert à la carte-meny. Nyt ein saftig burgar eller skjem deg bort med ein trerettar inspirert av sesongen. 😋🍽 Legg til gjestebrygga og spaser rett til bords – det er god plass både inne og ute.
💙 Årbakka Handelsstad
Ein klassisk vestlandsk landhandel frå 1898, lunt plassert ved Onarheimsfjorden. Få med deg kunstutstillingar, smie med kysthistorie og ei krambu som står som for 100 år sidan. Og gå for all del ikkje glipp av dei nydelege årbakkavaflane. 🧇☕
📅 Sjå opningstider på visittysnes.no
På Tysnes med barn eller barnebarn i sommar? 👨👩👦 Her er fem tips til kortreiste, fine opplevingar for heile familien:
📌 Nesse gard
Me trur nok det er mange som enno har til gode å utforska denne litt gøymde perla på Neshamn - eit lite kvarter med bil frå Uggdal. 🚗 Visste du at Tysnes sin einaste putballbane ligg her? ⚽️ Her finn du også ein stor leikeskog der dei yngste kan kosa seg med dissing, leikehytte, “Hakkebakkestien” og mykje meir. Kashmirgeitene som beitar i området kan matast etter avtale. 🐐
📌 Aarvik gard på Baldersheim
Ein liten halvtimes køyring frå Tysnes ligg Aarvik gard, der bakar Ranjeeta og medhjelparane hennar tryllar fram dei lekraste bollar og brød i kafeen. 🍞😋 Ute er det kjekt for borna å få sjå geiter, minigrisar, påfugl m.m. Garantert ein stad både små og store vil trivast. ❤️ Overnattingsmoglegheiter.
📌 Aktivitetsparken i Uggdal
I området ved dagsturhytta “Miklastofa” kan du la borna slå seg laus i ein splitter ny aktivitetspark. 😃 Her er det laga til mange ulike apparat der ein kan utfordra styrke og balanse og ha det gøy i friluft. 🏃♀️ Passar for ulike aldersgrupper - heilt gratis å bruka. Ta gjerne med sykkel, det er fine grusvegar i området. 🚴
📌 Myrvold gård på Huglo
Ein gratis ferjetur frå Hodnanes, eit par minutts køyring, og vipps så er du på garden som rommar meir enn du kan ana på førehand. 😮 Her er det både vanlege norske husdyr og langt meir eksotiske innslag - alt frå hestar og kyr til skjelpadder og papegøyar. 🐢🐦 Kafeen serverer alltid mykje digg! Overnattingsmoglegheiter.
📌 Onarheimsvatnet
Ved Onarheimsvatnet finn du eit fint og innbydande aktivitetsområde som er opparbeidd av Onarheim og Tveit bygdalag i samarbeid med grunneigar. 🚣♀️ Området er ope for alle friluftsglade, og for ein snill pris kan du leiga robåt og kano (sjå info på staden). Det er fritt fiske i vatnet, både etter aure og røye, og ynskjer du å setja ut garn, kan dette lånast av grunneigar. 🐟 Her er også benkar, grillar og ein romsleg lavvo med grue.
Tagg gjerne nokon du trur kan ha glede av desse tipsa. 🥰
📸 FOTOKONKURRANSE - del dine beste bilete med oss og ver med i trekninga av flotte premiar. 😍
Me tar mange bilete sjølv, men i arbeidet med å fornya fotoarkivet vårt vil me svært gjerne låna DITT blikk på Tysnes også. ❤️ Kanskje sit du inne med blinkskot frå fine stunder på fjorden, turar i skog og mark, dyreliv, magiske solnedgangar, matopplevingar eller noko heilt anna som er med på å visa kvifor Tysnes gjev meirsmak?
Leitar du i kamerarullen og finn ein eller fleire biletskattar som du vil dela med oss, kan det henda du får noko kjekt i retur:
✨ Overnatting for to på Haaheim Gaard (1. premie - beste bilete)
✨ Trerettars middag for to på Mandelhuset (2. premie)
✨ Gåvekort på 1000 kr hjå Carisma Frisør (tilfeldig trekning)
Slik deltek du:
📬 Send bilete på mail til post@meirsmaktysnes.no (hugs høg oppløysing)
📱 Eller tagg @tysnesgjevmeirsmak i dine innlegg på Instagram.
🗓️ Frist: 31. august
📝 Når du deltek samtykker du til at bileta dine kan brukast vederlagsfritt i marknadsføring av Tysnes som reisemål.
Tusen takk på førehand - og lykke til i konkurransen. 😀
Viss du er tolmodig og stille, kan du få naturopplevingar som dette på Tysnes. 😍 Sjekk det mektige nærmøtet @eliasjordal hadde med ein kronhjort i fjella rundt Solheimsdalen. 📸
"Lite er så spennande som å liggje flatt i lyngen og vente på det perfekte bildet. Bukken kjem beitande, sakte men sikkert nærare. No kan eg høyre pusten hans, og ber i det stille om at han ikkje høyrer hjarteslaga mine."
Takk for at me fekk dela!
Se oversettelse
All ære til Elisabeth Godøy som no er inne i sin 27. sesong med sommargalleri i Våge. 😍 Har du sett årets flotte utstilling? Om ikkje har du sjansen fram til 10. august.
@gallerielisabethg har ope tysdag-laurdag kl. 11.00-16.00 og søndag kl. 12.00-17.00. Du er hjarteleg velkommen innom for ein hyggeleg kunstprat - og ikkje minst for å la deg begeistra av det som er på veggane.
🎥 Oleh Tyvoniuk
Velkomen til Tveitakjerring – det vesle ysteriet på Tveit. Her lagar Lucianne “berre uvanleg geitost” - med reine råvarer, ein god dose tolmod og mykje personlegdom. 😄🧀🐐
Den tidlegare optikaren frå Nederland har utvikla sine eigne unike oppskrifter, og kvar ost kan med rette kallast eit handverksprodukt.
Me vil varmt anbefala deg å kjøpa med deg nokre ureiste matskattar neste gong du er forbi vakre Tveit. Ope alle dagar kl. 10-19. 👌
📽️ Oleh Tyvoniuk
Avslutta konkurranse. Silje Iren Haaland Lid er trekt ut som vinnar, me gratulerer!
🎉 Vinn dagspass til Tysnesfest 🎉
Folkens, no er me inne i veka før den store veka! 😍 La oss korta ned ventetida med ein konkurranse der du kan vinna eit valfritt dagpass som du kan ha glede av sjølv eller gi til nokon som fortener å kosa seg på festival. 💃🕺
Slik deltar du: Fortel oss kva artist du er mest nøgd med at Tysnesfest har booka i år (det er lov å skriva fleire), og hugs å følga oss (TGM) her på Instagram om du ikkje gjer det allereie. Delta gjerne på Facebook også for eit ekstra lodd i trekninga.
💌 Me trekker ein heldig vinnar søndag 6. juli.
ℹ️ Alt du treng vita om årets festival finn du på www.tysnesfest.no.
⚠️ Ver obs på eventuelle svindelforsøk. Me vil aldri be deg klikka på ei lenkje og oppgje kredittopplysningar eller liknande.
📸 Martin Litwicki og Steffen Vidar Jenssen
Nyheit på nettsida! ℹ️
Lurer du på kva tid du kan ta deg ein is i Flytenaustet, eta pizza i Myrdal eller besøka ein gamal handelsstad?
På visittysnes.no gir me deg no ei samla oversikt over opningstider hos dei lokale serveringsstadene og attraksjonane. Dermed blir det endå enklare for deg å nyta alt det gode tysnessommaren har å by på. 😊🍽
Det er i motbakke det går oppover! Har du fått med deg at det i år blir arrangert trappeløp før såtekonserten under Tysnesfest? 🏃 I tillegg er det tradisjonen tru “Blåbærhaugen opp” den siste søndagen i juli. 😊
🏅 Såto opp 🏅
SvingenPuls, Venelaget Tysnessåta og Tysnesfest kickstartar festivalen med løp og konsert torsdag 10. juli. Alle som kjem seg opp dei 1000 trappetrinna, den 2 kilometer lange trasèen og dei 500 høgdemetra frå start i Myrdal til mål på såtetoppen er sikra ein fantastisk premie i form av konsert med Jo Nesbø.
Løpet passar både mosjonistar, familiar, ungdommar og proffe. Sjå meir info hos SvingenPuls.
🏅 Blåbærhaugen opp 🏅
Det tradisjonsrike motbakkeløpet på Onarheim blir arrangert for 13. gong 27. juli. Start er ved Alsaker Brygge. Mosjonsklassen startar først og heiar konkurranseklassen i mål, 297 meter over havet. Premiering og bevertning på toppen. Arrangør er Onarheim IL, sjå nærmare info hos dei.
Kven utfordrar du til å delta? 😎
Sommartider, hej hej, sommartider! 😍 Song du det inni deg? Det er i alle fall musikk i våre øyre at dei lokale serveringsstadene no har utvida opningstidene for sesongen:
📌 Myrdal gard har ope onsdag-søndag kl. 12.00-18.00.
📌 Aarvik gard på Baldersheim har ope onsdag-fredag kl. 10.00-16.00, laurdag kl. 10.00-15.00 og søndag kl. 11.00-15.00.
📌 Mandelhuset har ope alle dagar kl. 12.00-21.00 (kjøkenet). Baren er open til midnatt torsdag-fredag og 02.00 laurdag.
📌 E. H. Vaage har ope torsdag-søndag kl. 12.00-16.00.
📌 Haaheim Gaard har som alltid ope for lunsj og middag v. førehandsbestilling. I juli blir det drop-in-lunsj alle dagar kl. 12.00-15.00.
📌 Flytenaustet/turistinfoen har ope tysdag-torsdag kl. 10.00-18.00 og fredag til søndag kl. 10.00-20.00.
📸 På bildet: Bakar Ranjeeta hentar godsaker i åkeren på Aarvik gard.
Hos @gardenpaadalland skjer ikkje ting etter fabrikkoppskrift. Her lagar Anders og Irene lokalmat på naturen sine premissar – med dyrevelferd og berekraft som rettesnor. 💚
Det kostar å gå mot den store straumen, men resultatet er kjøtprodukt av utsøkt kvalitet som kan etast med godt samvit av deg som forbrukar. 🥩
Me må elles få nemna at Irene og Anders gjer langt meir enn å driva med kyr og sau. 😅 Dei har alltid tusen forskjellige prosjekt på gang, blant anna lagar dei bubilparkering og har spennande planar for den pensjonerte fløibanevogna “Blåmann”.
Nysgjerrig på å vita meir? Gjer som over 14.000 andre og følg "gardenpadalland" på Snapchat. Dei er også på TikTok, Facebook og her på Instagram. 😀
🎥 Oleh Tyvoniuk
🥳 Visste du at Mandelhuset har 30-årsjubileum i år, og at DU er invitert med på feiring komande helg? Fredag er det gratis konsert med det lokale bandet TBA, og søndag blir det invitert til familiebursdag med klovneshow - også det gratis! 🎈
🎨 På andre sida av vegen er det klart for sesongopning hos Galleri Elisabeth G på laurdag. 😍
🍦Joker Onarheim fyller 8 år og deler ut gratis softis og skillingsbollar både fredag og laurdag.
ℹ️ Sjå nærmare info om den festlege helga i kalenderen på visittysnes.no.
⚽️ Tysnes Sparebank Cup - 4.-6. juli ⚽️
Sjå hit, alle fotballinteresserte! 😁 Helga før Tysnesfest er det på Reiso i Uggdal det skjer. Njardar/Tysnes sin “gatecup” har lange tradisjonar og er kjent for å vera ei helg med topp stemning, spennande kampar og mange ivrige publikummarar som heiar laga fram. 🏆 Det er seriøst nok til å gi alt – og uformelt nok til å kosa seg uansett resultat.
Enten du er ein rutinert spelar eller berre vil ha det gøy med vennegjengen, blir dette garantert eit kjekt sommarminne å ta med seg. 😎
📝 Påmeldingsfrist er 22. juni. Du finn meir info under “arrangement” på Njardar si fb-side.
👉 Tagg gjerne nokon du meiner bør delta. PS: Det er også dameklassar.
Laurdag 7. juni blir det masse kjekk Tysnes-reklame på TV Haugaland, ta gjerne ein titt om du har tilgang. 📺😍 "FrokostTV Rundtomkring" rullar på skjermen frå klokka 09.00 og går i loop fram til måndag ettermiddag.
Som de ser på bileta har TV-kanalen intervjua ulike lokale personar i studioet på E. H. Vaage, i tillegg tok dei turen innom @kulturloopadrange. Gleder oss til å sjå resultatet. 😊
PS, i august skal E. H. Vaage vera kulissar for ein ny dansk Netflix-thriller. Det skjer jaggu mykje spennande på Tysnes i år! 👌
📸 TV Haugaland
#visittysnes#tysnesgjevmeirsmak
Komande laurdag (7. juni) er det sesongopning på Årbakka Handelsstad - ei av våre finaste sommarperler. 😍
Program:
12:00:
- Velkomstord
- Opningstale av Gunnar Bakke
- Utstillingsopning
12.00-16.00: Marknad
ℹ️ Vert Lise Kvinnsland kan elles melda følgande om opninga:
"I år kjem vikingane tilbake til Årbakka! Gunnar Bakke vil i sin opningstale blant anna seia nokre ord om når vikingane var her sist. Seinare vert det oppvisning av historiske vikingkampar av kampsportgruppa Hinnheim, de får sjå vikingdrakter og våpen og i ei av utstillingane finn de vikinginspirert kunst og smykke.
Og sjølvsagt er det mange andre ting å sjå og få kjøpa på marknaden, både keramikk, bøker, knivar, plantar og anna!
I sjøbua og krambua blir det utstillingar med mange kunstnarar, nokre kjende og fleire nye. De vil finna både grafikk, måleri, strikk, tau-kunst, keramikk, kort, smykke og mykje meir.
Sjølvsagt kan de kjøpa dei gode Årbakka-vaflane, is, mineralvatn, kaffi og te.
Me sjåast på Årbakka Handelsstad!"
❤️ Tagg gjerne nokon du vil ha med deg hit ❤️
📢 Gratis burgar! 🍔
Komande laurdag opnar Flytenaustet i Våge for sesongen, med gratis burgar til dei 50 FØRSTE som kjem innom! 😁
Ja, for i år blir det eit utvida tilbod i turistinfoen, med litt kjapp mat på farten. I første omgang burgar - kanskje meir på sikt. Og så kan du sjølvsagt kjøpa kuleis som før (+ softis i sommarferien). 🍦
ℹ️ Opningstider frå 31. mai:
Laurdag: 14–22
Søndag: 14–20
ℹ️ Opningstider frå 17. juni:
Tysdag – laurdag: 10–22
Søndag: 10–20
Tagg gjerne noko du vil eta burgar med her. 😎
~ Myrull i solnedgang ~ 🤍🧡
Når regna det på Tysnes sist, eigentleg? Me må innrømma at me ikkje hugsar, snart er det vel berre dei med vêrdagbok som veit. 😜 Framleis er det mange dagar til solkontoen er overtrekt for denne gong, kanskje vil du gjera som @johannedalland (📸) og nyta ein gyllen solnedgang frå Ilefjellet? 😍
Andre fine toppar å sjå solnedgangen frå er Teiglandsnuten/Vestrefjellet og Ramnanuten. 🌄🥾
Og vipps så var sjøen blitt blågrøn, nesten som om den var eit isbre-vatn i Stryn. 🤩 Bileta er tekne frå Lukksundbrua i dag. 🚤
Nyt gjerne synet av algeoppblomstringa frå toppar som t.d. Blåbærhaugen eller Hovlandsnuten. 🥾 Ein biltur langs austsida av Tysnes vil også gje deg heilt nydeleg utsikt. 🚗
📸 TGM / Camilla Korsnes
Kom til duk og dekt bord på nasjonaldagen! 🇧🇻
Tradisjonen tru har både Mandelhuset og Haaheim Gaard ope for servering 17. mai, sjølvsagt med ekstra mykje godt på menyen. 🍽🍰 Langtidsvarselet ser framleis strålande ut, så her ligg alt til rette for ei nydeleg feiring, enten du vil sitja på bryggekanten i Våge eller nyta synet av rododendronbløming på Haaheim. 🌸
På OnarTun inviterer Onarheim og Tveit bygdalag til ein herleg frukostbuffet - den perfekte starten på nasjonaldagen (obs, påmelding innan søndag). 📨
Du finn meir info om alt i kalenderen på visittysnes.no. 😊
Kulturløo på Drange er kort sagt ei skattkiste. 🤩 Garden husar nemleg ei stor autentisk samling av verktøy og reiskapar som blei brukt på Tysnes i tidlegare tider – spesielt i perioden 1850-1950. Alle fag er representert i samlinga - frå bøkkar til baking, frå hesjing til veving, frå smed til skomakar. 👞⚒
Har du ikkje besøkt dette unike "løe-museet" enno, bør du absolutt vurdera ein tur hit i år. Kulturløo har opne dagar/arrangement frå tid til anna, og du er elles velkomen til å ta kontakt for å bestilla privat omvising eller møte/selskap. 😊
🎥 Oleh Tyvoniuk
Visste du alt dette om OnarTun? 😀🍦🏋️♀️
Senteret på Onarheim rommar som du ser veldig mykje meir enn ein Joker-butikk. Her kan du både trena, spela squash, ta sauna, aktivisera borna i leikerommet, drikka gratis kaffi og kjøpa softis, ja, du kan til og med overnatta om du vil. 🛌
Psst! Langfredag er det påskepub på OnarTun, ta gjerne turen for god stemning, musikk og quiz. 🥂
🎥 Oleh Tyvoniuk
Etter ei fullbooka restaurantopning på E. H. Vaage palmelaurdag, er det no lagt ut to nye datoar: fredag 25. april og fredag 16. mai. 🍽️
Det blir ei eksklusiv matoppleving med 11 serveringar, basert på det husfar Torstein og co har røykt, spekt og tørka. Konseptet i den nye restauranten er danske smørbrød.
Sjå meir info i Haaheim Gaard sine kanalar eller i kalenderen på visittysnes.no. 👌
📸 Haaheim/Torstein Hatlevik
🐣 TYSNES-PÅSKA 2025 🐣
Du treng ikkje gå svolten på Tysnes i påska, og du treng definitivt ikkje kjeda deg! 😀 Her kjem nokre gode tips å ta med seg inn i ferien.
🍽 Mat og festivitas:
I Våge er Mandelhuset allereie godt i gang med gjenopningshelga, og her er det både gode smakar og fleire festlege arrangement på menyen (quiz, trubadur og standup). 💃
Myrdal gard fyrer i pizzaomnen kvar dag i heile påskeferien, og på Haaheim Gaard kan ein som vanleg førehandstinga bord. (Ps. restaurantopninga på E. H. Vaage er fullbooka, nye sjansar kjem snart.)
I Vonheim er det dans/konsert med ein herleg miks av musikalske krefter palmelaurdag. 🎸🎤 Skjærtorsdag kan du gå på påskepub på Laukhamar Fritid. 🥂
Basarar i fleng blir det sjølvsagt også (sjå oversikt i kalenderen vår).
🥾 Ut på tur:
Fram med kvikk-lunsj og tursko. Onarheim IL inviterer til "Finn fram-dagen" i Solheimsdalen palmelaurdag, same dag som stolpejakta på Tysnes startar opp. 🏃♂️📱 Det er gode vermeldingar!
Palmesøndag kan du bli med Reksteren IL på turen "Reksteren rundt til fots", og onsdag inviterer Barnas Turlag Tysnes til ein kjekk og familievenleg utedag ved Kulturløo på Drange. 👨👧👧
Skjærtorsdag er det stølsmarsj til Gjerstadstølen, eit artig og triveleg arrangement i fjellet som du absolutt bør vurdera å få med deg! 😊
🚗 Nær Tysnes:
Aarvik gard på Baldersheim har ope nesten alle dagar i påska. Her kan du blant anna kjøpa nydeleg bakst og helsa på dei utruleg skjønne kjea som har kome til verda. 😍
På Myrvold gård på Huglo er det ope frå skjærtorsdag til 1. påskedag. Ta turen og opplev det nærmaste ein kjem ein dyrepark i vårt distrikt! 🐑🦚🐇Det blir som alltid mykje godt i kafeen også.
Sjå nærmare info om alt i kalenderen på www.visittysnes.no
God påske! 💛
Sjølv om det ifølgje Google finst ein butikk med same namn i Follebu, så finst det berre éin Annes Klær i våre hjarte. ❤️😀 På senteret i Våge er Anne og medhjelparane hennar kjende for sin gode og personlege service, og utvalet i butikken er det heller ingenting å utsetja på. 👗👔🧣💅
Me håper du vil ta turen innom her neste gong du er på handletur i Våge. 😊👜
🎥 Oleh Tyvoniuk
Velkommen, april! 💛
Det er månaden der lauvet sprett, smålam spring rundt på bakkane og båtsesongen startar. 🚤
I vekene framover står høgdepunkta i kø hos oss, anten du vil ut og eta, få kulturelt påfyll eller nyta ein stadig grønare og skjønnare Tysnes-natur. 😍
Berre for denne veka ligg det inne sju arrangement i kalenderen på nettsida vår, klikk deg gjerne inn via lenka i bio. 👌
Laurdag 5. april kl. 12.00 hoppar Tysnes vinterbading i havet for siste gong denne sesongen. 🩱🩳 Du er hjarteleg velkommen til å bli med for eit forfriskande bad i lag med ein triveleg og imøtekomande gjeng! 😀 Etterpå blir det som alltid suppe og drøs på Mandelhuset.
Hugs å trykka "skal" på arrangementet i Tysnes vinterbading si Facebook-gruppe dersom du vil vera med, kjøkenet på Mandelhuset bereknar mengde mat ut frå dette. 👍
Me kan elles minna om at badebrygga og badstova i Våge hamn er ledig for bruk året rundt. Sjå www.tysnes-fyrstove.com for nærmare info.
🎥 Oleh Tyvoniuk
📣 No har me gått inn i ei litt spesiell veke på Tysnes. Det er veka der Alsaker Fjordbruk støttar Kreftforeningen sin årlege innsamlingsaksjon med 100 kroner for kvar registrerte tur på Blåbærhaugen. ❤️
💰 I fjor blei resultatet over 300.000 kroner!
🌤 Det er meldt fint vêr kvar dag i aksjonsveka (17.-23. mars), og i år er det ingen snø eller is på vegen.
ℹ️ Ikkje kjent? Blåbærhaugen (297 moh) er eit flott turmål på Onarheim. Det er grusveg frå start til slutt, og nydeleg fjordutsikt på toppen.
🫶 Tagg gjerne nokon du oppfordrar til å bli med på årets viktigaste tur. 😊
🤎 Velkommen til Miklastofa 🤎
Ved Kyrkjevatnet i Uggdal ligg Tysnes kommune si flotte dagsturhytte. Dette er eit lågsterskeltilbod som er gratis for alle å nytta, og som har universell utforming. 😊 Inne i hytta er det hems (svært populær hos borna), bøker, benker og omn. Her kan du nyta nista i ly for ver og vind, eller du kan ta med grillmat og låna ei bålpanne ute. 🌭
I området ved dagsturhytta er det også:
- Toalettbygg
- Gapahuk
- Badebrygge (om sommaren)
- Fine turmoglegheiter
🚴 Ta gjerne med syklar til borna, så dei kan få susa av garde på flat og fin grusveg.
📍 Ikkje kjent? Det er skilta parkering til dagsturhytta ved sørenden av Kyrkjevatnet (nær Joker Uggdal). Frå parkeringa er det om lag 600 meter å gå til Miklastofa. Ein kan også gå frå Heningen - på bakketoppen forbi Optimera.
🎥 Oleh Tyvoniuk
Har du vore innom desse kjekke damene i det siste? 😍 Tysnes blomster og interiør er ein butikk som rommar imponerande mykje - alt frå interiør, blomar og måling til fiskeutstyr og kjøkenvarer. Like topp som utvalet er servicen, og du kan rekna med å gå smilande og nøgd frå ein handel her. 👌
📍 Du finn @tysnesblomsterinterior på senteret i Våge, like ved Spar
📷 Oleh Tyvoniuk
Ivyelli er eit obligatorisk stopp på ein handlerunde i Våge sentrum. 😍 Her byr Ina og medhjelparane hennar på favoritt-kaffien din, fine kle, interiørartiklar og mykje anna kjekt. ☕👗Velkommen innom for ein hyggeleg handel og litt kafestemning, måndag-laurdag kl. 10-16. 👜
📍 Du finn Ivyelli på Svingen, i same bygg som SvingenPuls
📷 Oleh Tyvoniuk
🥾 Hovlandsnuten frå Årbakka
~ tidlegare denne veka ~
På Tysnes kan me stort sett besøka dei vakre fjelltoppane våre heile året, enten det er med fjellsko, ski eller truger. Dei siste dagane har sola skine frå skyfri himmel, og meir finver er i vente etter eit lite snøfall i dag. ❄️🌞 God tur til alle som skal ut og nyta Tysnes-naturen i helga - høgt eller lågt!
📷 @finemenorge 👌
Dette nydelege synet møtte @rebekkahogestol (📸) på veg til Solheimsdalen i går. ❤️ Tysnes er verkeleg vakkert i vinterdrakta si, eller kva? 🥹
Akkurat i dag (torsdag) er det overskya, men både fredag og laurdag ser svært lovande ut vermessig. 🌞 Laurdag er det forresten "Kom deg ut-dagen" i Solheimsdalen, eit kjekt arrangement for heile familien som du kan lesa meir om på Tysnes Turlag si fb-side eller i kalenderen på nettsida vår.
❄️ Vintermagi i Tysnesfjellet ❄️
Me har fått tilsendt nokre fantastiske snuttar frå Tysnessåto i dag, og håpar våre skiglade følgjarar blir inspirerte til å koma seg av garde snarast mogleg! 😍
Det er som tidlegare nemnt meldt regn frå søndag av, men fram til dess er det berre å nyta sola og snøen i Tysnesfjella. ⛷️ Eventyret byrjar der asfalten sluttar i Solheimsdalen, enten du vil nyta fine oppkøyrde løyper eller gå vidare oppover i fjellet.
Pakk sekken med god mat og varm drikke, ta turen og nyt vinter-Tysnes for det det er verdt. 😃
📸 Jarle Økland
For ein fantastisk fin start me har fått på 2025! ❄️
Tysnes har sidan nyttårsaftan kledd seg i ei stadig tjukkare vinterdrakt, og no ser det ut til at snøen blir liggande fint til søndag. Då gjer det vanlege vestlandsveret comeback. 😝
Men først ventar altså litt fleire dagar med skikkeleg vinter. Nytt gjerne anledninga til å stå på ski i Solheimsdalen, eller nyt vinterlandskapet på anna vis, slik @mrshatteberg viser oss eit nydeleg døme på her. 😍📸
Me vil ynskja alle som har hjarte for Tysnes eit riktig godt nytt år! ❤️
Dersom vermeldingane slår til, vil starten på 2025 truleg sjå litt ut som på dette idylliske vinterbiletet frå Vevatnet. ❄️ Kanskje blir det høve til å oppleva Tysnesfjellet på ski? ⛷️ Tida vil visa - og me held deg som alltid orientert om det du treng vita for å nyta Tysnes!
Visste du at det er meir enn 10 små og store arrangement på Tysnes denne veka? 😊 Det er slett ikkje verst for ein liten kommune, me er heldige som har så mange innbyggjarar som står på for å skapa gode opplevingar for andre. 😍👏
Dei som ønsker julestemning vil garantert få det kjekt på:
🎅 Julemarknad hos Kulturløo og på Elsåkerneset
🎅 Julekalas i Vonheim
🎅 Julegateopning i Våge, Lunde og på Onarheim
Dei som ønsker ei motvekt til Black Friday bør svinga innom:
💚 Grøn Torsdag i Eredalen, med opning av den "nye" Godt brukande-avdelinga
💚 Klebytedag (Grøn Fredag) på Onartun
🥾 Dei som ønsker ein kjekk fellestur i vakker Tysnes-natur er velkomne til å bli med Tysnes Turlag til Laukhamarsåto.
Nærmare info om desse og mange andre arrangement finn du i kalenderen på nettsida vår. 👌
❤️ Kortreist førjulshygge ❤️
Det er mange gode grunnar til å besøka @aarvikgard på Baldersheim før jul. ✨ I tillegg til dei vanlege godsakene, byr kafeen no på julebrød laga på urkorn, forskjellige julekjeks, peparkakedeig, økologisk julemarsipan og myyykje meir. 😋
Frå den første helga i advent og fram mot jul kan du i tillegg kosa deg med julegraut og varm sjokolade. I klyngetunet blir det fyr i bålpanna, og i det sjarmerande stabburet finn du eit lite gardsutsal. Her kan du lett ordna nokre velsmakande julegåver. 🎁
Gløym ikkje å helsa på dei mange dyra på garden, det gjer turen hit ekstra triveleg. 🐐🐖🐔🐰🦚
✨ Tid for hygge ✨
Juletoget rullar no innover Tysnes i full fart. Enten du vil hoppa på denne veka eller venta litt, så er det rikeleg med avgangar og noko for kvar smak. Bestill sete til ein lokal julemiddag, julekonsert eller anna arrangement, og gjer førjulstida litt meir eventyrleg. 🎀
På Haaheim Gaard er det Chefs dinner go christmas både fredag og laurdag - eit stort julegilde med 12 rettar. Laurdag opnar julebutikken, og søndag kan du vera med på julekakesmaking på det julepynta hotellet, der husfar Torstein fortel om årets sortar. 🍪
På Mandelhuset har dei allereie hatt nydeleg julemat på menyen ei veke, og laurdag slår dei til med lutafiskfest. Her blir det ikkje spart på det gode tilbehøyret! 😁 Få plassar igjen, ver rask om du vil vera med.
Fleire julearrangement kjem på løpande band framover:
22. november:
⭐️ Julekonsert med Åsne Sunniva Søreide og Torstein Hatlevik, Haaheim Gaard
⭐️ Pinnakjøtfest på Mandelhuset
23. november:
⭐️ Julesalsmesse i Tveit grendahus
⭐️ Julebord med livemusikk på Haaheim Gaard
⭐️ Tysnes Teaterlag framfører "Fjøsnisser i juleknipe" (også den 24.)
29. november:
⭐️ Julekalas i Vonheim. Tysnes Musikklag inviterer til ein kveld med god underhaldning, quiz, julegåvelotteri m.m.
30. november:
⭐️ Julemarknad hos Kulturløo på Drange
1. desember:
⭐️ Julekonsert med The Voice-vinnar Inger Lise Hope i Vonheim (UTSELD)
8. desember:
⭐️ Familiejulebord på Mandelhuset
14. desember:
⭐️ O helga natt - ein julekonsert med Ailie Reid, baryton Torstein Hatlevik og pianist Irene Simonsen på Haaheim Gaard
15. desember:
⭐️ Familiejulebord på Mandelhuset
19. desember:
⭐️ Tysnes Musikklag sin tradisjonsrike julekonsert i Tysnes kyrkje
21. desember:
⭐️ Julekonsert med TAPAS i Kulturkyrkja på Onarheim
Fortell oss gjerne i kommentarfeltet kva du ønsker å få med deg. 😍
📸 Mette Fagerli
På Tysnes i helga? 🫶 Dette skjer:
Laurdag 2. nov:
📌 Offisiell opning av ny avdeling hos Tysnes blomster og interiør. Dei første 20 kundane som handlar for over 50 kr får med ein gåvepose til barn. Gratis kaker, kaffi og saft.
📌 Kinofilmane "Jul med Astrid Lindgren" og "Nr. 24" blir vist i Grendatun, Uggdal.
📌 Tysnes vinterbading startar sesongen i Våge hamn. Etter eit forfriskande bad blir det deilig suppe på Mandelhuset.
Søndag 3. nov:
📌 Tysnes Turlag arrangerer fellestur til Kyrkjefjellet og Tuvefjellet
📌 Hjertefred Tysnes. Ein time med magisk musikk, lys og varme på Onartun for å minnast dei me har mista og saknar.
Samtlege arrangement er sjølvsagt opne for alle! 😊
For klokkeslett og fleire detaljar, sjekk ut kalenderen vår på visittysnes.no 👌
På Tysnes i haustferien? 😊 Då kan det henda du vil få med deg noko av dette:
🍁 Laurdag 5. oktober:
- Gratis teaterframsyning for barn på Tysnes folkebibliotek
- Gratis softis på OnarTun
🍁 Søndag 6. oktober:
- Konsert med Tysnes kammerkor og Os mannskor i Tysnes kyrkje
🍁 Torsdag 10. oktober:
- Utekino for barn på Mandelhuset
🍁 Fredag 11. oktober:
- Quiz og disco på Mandelhuset
🍁 Fredag 11. og laurdag 12. oktober:
- Den store haustmiddagen på Haaheim Gaard
🍁 Søndag 13. oktober:
- Konsert med Herrens Glade Gutter i Kulturkyrkja, Onarheim
🍂 Hugs at Aarvik gard på Baldersheim har ope fredagar og laurdagar. På Huglo held Myrvold gård ope 12. og 13. oktober
Nærmare info om arrangementa over, samt andre tips til ting å gjera på Tysnes, finn du som alltid på www.visittysnes.no. 😀
#tysnesgjevmeirsmak
God måndag, alle! 😊 Me startar den nye veka med litt info om eit ganske så unikt overnattingstilbod i fjellet, samt familiedagen som skal vera her på laurdag. 👨👩👧
Ja, for det er nok ikkje alle som veit om at det går an å booka overnatting på ein støl i Tysnesfjellet, nærmare bestemt på Ådnastegen. 🥾 Her ligg den flotte raude skihytta til ålmenn utleige, i eit vakkert område mellom Hovlandsnuten og Tysnessåto. 😍 Prisen er veldig hyggeleg, 250 kr per natt for to personar, og 30 kr per hovud utover dette.
Skihytta har to soverom og hems + sovesofa. Sengetøy/sovepose, handkle og mat tar du med sjølv, elles finn ut alt du treng av utstyr i hytta. Her er både gasskomfyr og solcellepanel. Ved inngår i leiga, og du kan også nytta deg av hengekøye og bålpanne. 🔥
Vatn hentar du frå ei kjelde like ved, og dobesøk skjer på utedo. 😉 Dette er ei sjarmerande reise tilbake i tid, langt frå asfalt, trafikk, kjas og mas. Finn du ikkje roa her, finn du det ingen stader! ❤️
I kulpane/elva på Ådnastegen kan du prøva fiskelykka og få aure. I tillegg er Heiavatnet berre ein kort spasertur frå stølen, perfekt for bading eller å setja garn. 🐟
Freistande? Då bør du vurdera å booka deg litt sjeleterapi i Tysnesfjellet allereie i haust. 🍁
Det er lokale eldsjeler frå Lundebygda som har ansvar for skihytta. Laurdag 14. september kl. 12.00-15.30 inviterer skihyttelaget til familiedag på Ådnastegen, med open hytte, pølsegrilling og kjekke aktivitetar for born. 😃 Sjå meir info på fb-sida "Skihytta Ådnastegen".
📸 Celine Lunde Rød
Middelhavsvarme i september er det du får servert på Tysnes no! 😎 Her er 10 tips til deg som vil ha litt ekstra ut av helga:
🧜♀️ Finn fram bikinien/badeshortsen igjen, pakk strandbagen og ta turen til ei av Tysnes sine mange fine badeperler med eller utan båt (sjå oversikt på nettsida vår om du ikkje er kjent).
⚽️ Prøv deg på den artige aktiviteten putball på Neshamn. Sesongen varar ut september.
🍔 Nyt livet på uteserveringa hos Mandelhuset og test den nye menyen deira. Sjå på båtlivet, høyr måkeskrika og berre ta inn den gode stemninga. 😍
🍞 Kjøp fersk bakst hos Fru Aarvik på Baldersheim eller hos Meirbruk i Våge laurdag.
🥾 Gå sherpatrappene til Tysnessåto eller sjå deg ut eit anna fint turmål. Fjord og vatn ligg blikkstille, naturen byrjar så smått å få haustfargar og det er rett og slett vakkert over heile linja. ❤️
🧀 Gjer eit stopp hos Tveitakjerring og kjøp ureiste osteskattar i den sjølvbetjente gardsbutikken. Gjev garantert meirsmak!
👜 Ta ein shoppingrunde i Våge og sjekk ut dei fine haustnyheitene i butikkane. Her kan du dessutan gjera eit godt kupp på sommarvarer.
🍽 (AVLYST pga sjukdom) Unn deg ein god fårikålmiddag på Laukhamar Fritid (søndag)
🚣♂️ Pakk med deg noko god mat og køyr til Onarheimsvatnet, der det er lavvo, brygge, fiskemoglegheiter og forskjellige flytande farkostar ein kan låna. Ein kjekk plass for heile familien!
🍄 Bli med Bergen sopp- og nyttevekstforening på gratis sopptur/kontroll i Uggdal (søndag). PS: Ikkje plukk den raude med prikkar på. 😜
GOD HELG frå oss! 😃
#tysnesgjevmeirsmak
Er du på jakt etter gode opplevingar på Tysnes denne veka? 😊
Mange jaktar no på hjort, noko me har rikeleg av, men naturen vår bognar også av andre godsaker. Kanskje du vil bli med når Bergen sopp- og nyttevekstforening tilbyr soppkontroll i Uggdal på søndag? Då kan du få korga di sjekka av erfarne sopplukkarar, heilt gratis, i tillegg til å få deg ein fin tur. 😀🥾
🎪 Onsdag er det sirkus (edit: avlyst), torsdag presenterer Mandelhuset ein splitter ny sesongmeny, og søndag kan du nyta ein betre fårikålmiddag på Laukhamar Fritid. 🍽
☀️ Mykje bra vêr skal me også få etter kvart, så dette blir ei god septemberveke på Tysnes.
Nærmare info om kva som skjer finn du som alltid i kalenderen på www.visittysnes.no
#tysnesgjevmeirsmak
Du store tid, no skal sommaren endeleg gjera eit lite comeback! ☀️ Helga er lova å bli nokså varm og solrik, og det er fine temperaturar også i neste veke, kanskje heilt opp mot 25 grader. 😎
Så kom deg i båten, på SUP'en, i turskoa, på sykkelen, i hengekøya eller der DU trivst best når det er fint ver, og nyt ein god, siste smak av sommar på vakre Tysnes. 😍
Hugs å tagga oss med @tysnesgjevmeirsmak dersom du har bilde eller video du vil dela med oss. 📸
Å møta på sauer i Tysnesfjellet er ei fin oppleving. ❤️ Berre å høyra bjøllene som klirrar i det fjerne tilfører fjellturen din noko ekstra, og minnar om den viktige jobben sauene gjer med å halda landskapet ope.
Det er framleis ein månads tid til dei skal heim att til "bygdars", hugs bandtvang om du har med deg hund på tur. 😊
Komande laurdag, 10. august, er du velkommen til open dag hos Kulturløo på Drange frå kl. 12.00 til 16.00. 😊 Her kan du kikka på den unike samlinga av gamle reiskapar, kjøpa deg noko godt i kafeen og la dei yngste i familien slå seg laus med alt det kjekke garden har å by på. 🧸
Til dømes kan ein gå naturstien Marihønevegen, eller leika i Marihønestova. 🐞 Ein kan også få helsa på sauene og vera med og mata dei. Fine seinsommarminne å ta med seg før kvardagen er tilbake for fullt.
🎉🎉🎉 I år er det forresten 10 år sidan Kulturløo hadde offisiell opning. Det må sjølvsagt markerast, og fredag 30. august blir det difor invitert til konsert med bandet Bull Young i løa. Nærmare info om arrangement og korleis du sikrar deg billett finn på Kulturløo si fb-side, eller i kalenderen på visittysnes.no. 😃
📸 @kulturloopadrange
#tysnesgjevmeirsmak
No gjeld det å besøka våre herlege sommarattraksjonar før hausten bankar på døra. 😊 Kva med ein tur innom Årbakka Handelsstad i helga? Her ventar kunstutstillingar, kystmuseum, nysteikte vaflar og ei nydeleg utsikt mot fjord og fjell. ❤️
Ope laurdagar og søndagar kl. 12.00-16.00 t.o.m. 18. august.
PS! Laurdag 17. august er det bokbad på handelsstaden med den lokale suksessforfattaren Anita Østerbø, i anledning hennar tredje bok i romanserien “Skammens mødre”.
#tysnesgjevmeirsmak
📍 Di neste utflukt?
Me synest det er fint å også kunna framheva attraksjoner som ligg nærme Tysnes, og ein stad me ikkje kan få snakka varmt nok om er @myrvoldgard på Huglo. 🐍🦆🐴 Her er både eksotiske og meir vanlege dyr, god mat og mykje artig å sjå og gjera for heile familien. 😊
T.o.m. 18. august er opningstidene torsdag-søndag kl. 12.30-16.00. Ein kort, gratis ferjetur frå Hodnanes, eit par minutts køyring, og du er framme til ein stad som kjem til å begeistra frå start til slutt. 😍
#Huglogjevogsåmeirsmak
Har du båt, og er lysten på eit lite eventyr? 🚤 Kva med ein tur til marmorgruva på Seløya? 😀
Dette er ei av dei mest spektakulære marmorgruvene i Sunnhordland, der eit lag av marmor er hola ut ei gruve under bakken, truleg så langt tilbake som 1600-talet. Som du kan sjå på bileta er det fleire inngangar til gruva, og særleg spektakulært er det å stå på innsida og sjå ut mot sjøen.
Seløya ligg mellom Flornes og Ånuglo, søraust for Onarheim. Det er ein fordel om du har dregg/anker på båten, då det ikkje er nokon kai å leggja inntil nedanfor gruva. ⚓️
#tysnesgjevmeirsmak
Herlege @aarvikgard har no hatt ope i snart to månader, og svært mange har alt rokke å bli glad i staden! 😊 Her er fantastiske bakverk i ein koseleg kafe, hyggeleg vertskap, bygningar med historisk sus, fine dyr av ulike slag og nydelege omgivnader. ❤️🐐🌿 Me håper desse bileta vil inspirera endå fleire til å ta turen hit i sommar.
Det tek under halvtimen å køyra frå Lukksund bru til Aarvik gard på Baldersheim. 🚗 Dette er med andre ei fin lita utflukt for alle som befinn seg på Tysnes.
T.o.m. 11. august gjeld desse opningstidene:
🍞 Torsdag-Fredag kl. 10-17
🍞 Laurdag kl. 10-14
🍞 Søndag kl. 11-14
Plott inn Årvikvegen 35 og køyr av garde til fine opplevingar. 😀
Lyst på fersk bakst i helga? 🍞 Det kan du få kjøpt hos E H Vaage, ein koseleg liten landhandel i sjøkanten som er drifta av Haaheim Gaard. Hit må du innom minst ein gong i sommar! 😀
Opningstidene i juli er fredagar, laurdagar og søndagar kl. 12.00-16.00. Bollar og brød er fast innslag denne sommaren, og du finn også litt andre godsaker i hyllene. 🍪
Ikkje kjent? Kjem du frå Våge svingar du ned til høgre rett før den første tunellen i Uggdal. Det er litt avgrensa med parkeringsplassar på staden, så ta gjerne beina fatt om du har høve til det. Du kan t.d. nytta parkeringa for dagsturhytta, som er éin avkøyrsel tidlegare. 🚗
#tysnesgjevmeirsmak
"Am I Wrong", eller kan denne festivaldagen potensielt bli endå betre enn i går? Veret er i alle fall heilt fantastisk, med ordentleg "Summer Feeling". Og Tysnesfest, du er verkeleg "Ikke som de andre". 🥰
Var du med på artistreferansane? I dag speler Sondre Justad, Matoma, Nico & Vinc, Michelle Ullestad, LEMBO, Lille Venn og The Clumps på Gjerstad Arena. 🤩 Gårsdagen blei utseld, så ikkje vent for lenge med å sikra deg billett.
I Våge blir det igjen yrande liv frå tidleg til seint, med marknad, helikopterturar, Tysnesfest UNG og ikkje minst det gøyale palleløpet.
Her er noko for alle, og me seier som Michelle Ullestad: "Jeg vil ha mer".
Sjå fullt program på www.tysnesfest.no
📸 @steffenvidar_jenssen og @martinlitwicki / @fabelmedia
#tysnesgjevmeirsmak#tysnesfest#festival
Tysnesfest skapar magiske augeblikk frå tidleg til seint! 🎉 Og kor herleg (og heldig) er det ikkje at årets festival har hamna på ein liten høgtrykksrygg som er skvist mellom to lågtrykk. 😅😎
Her er 10 blinkskot frå Tysnesfest-fredagen, som i skrivande stund er langt frå over. På Gjerstad Arena er det UTSELD!
📢 Framleis mogleg å sikra seg dagspass til laurdag.
📸 @fabelmedia
📸 Konkurranse 📸
Me vil sjå korleis DU opplever Tysnesfest 2024! 😍 Alle som taggar @tysnesgjevmeirsmak i stories eller innlegg under festivalen er med i trekninga av ei overrasking frå oss. 🎁
GOD FESTIVAL når så langt kjem, no brakar det snart laus. 🎉🎈🎆
Vinnaren i Instagram-konkurransen blir trekt måndag 15. juli.
🩵 Såtekonsert 🩵
Me kan ikkje lova akkurat like fint ver som i 2019, men me kan definitivt lova deg ei unik oppleving dersom du tek turen til Tysnessåto på torsdag. 😍 Før konserten med Fay Wildhagen er det offisiell opning av sherpatrappene i Myrdal, det er heller ikkje dumt å få med seg. All praktisk info finn du i @venelagettysnessaato sitt nyaste innlegg. 😊
#tysnesfest
#tysnesgjevmeirsmak
Ei gruppe lokale kunstnarar har laga til ei flott salsutstilling i Våge sentrum. Ope laurdagar og søndagar kl. 12-15 i juli, samt alle dagane under Tysnesfest. Velkommen innom, her er mykje fint å sjå på og hyggelege kunstnarar å slå av ein prat med. 😊🎨
Du finn utstillinga i det store kvite huset nær bunkringsanlegget på kaien. 🛥 Godt skilta.
#tysnesgjevmeirsmak
#Kreativtysnes
Det er tydeleg at folket elskar Birdbox Årbakka! 🐦⬛🛌 Tysnes sitt mest unike overnattingskonsept har svært god score på Airbnb, og her er noko av det gjestene skriv etter opphaldet:
⭐️ "Helt fantastisk sted og omgivelser, like bra som på bildene. Magisk utsikt og nydelig ro. Åge fulgte oss opp og fikk oss til å føle oss veldig velkommen. Kjempekult konsept, vi anbefaler dette videre til alle vi kjenner."
⭐️ "Velkommen hvilepuls. Beste jeg og vi har opplevd. Tusen, tusen takk. For et sted og for et vertskap. Vi kommer tilbake."
⭐️ "Nydelig sted, en perle! Sjelemat! Anbefales på det varmeste!"
I skrivande stund er nesten heile juli fullbooka, men det er framleis ein del ledig i august. Ver om deg viss du vil overnatta her i sommar! 😃
📸 @amkleppe
#tysnesgjevmeirsmak#birdbox#reisetips
Er du interessert i lokalhistorie og kultur, og kunne tenka deg å læra om korleis tysnesingane levde før i tida? 🔍📖 Kvar laurdag i juli frå kl. 11.00 til 13.00 er du velkommen innom det gamle Tinghuset i Uggdal, der du kan studera spennande og varierte utstillingar, prata med kunnskapsrike folk og kjøpa kaffi og vaflar. Me kan varmt anbefala ein tur innom. 😊
Du finn Tinghuset i det kvite bygget attmed postkontoret i Uggdal (sjå siste bilete).
#tysnesgjevmeirsmak
🎊 Festivalmånaden er her! 🎊
11.-14. juli er det tid for årets største happening på Tysnes - nemleg Tysnesfest. Eit arrangement me snakkar om og gleder oss til heile året, og som trekker folk frå både fjern og nær. “Alle” vil ha ein smakebit av den unike atmosfæren som blir skapt på Tysnes desse dagane. 😃💃
På Gjerstad Arena kan du oppleva Mods, Sondre Justad, Carola, Åge & Sambandet, D.D.E og mange fleire. Det er elles arrangement både høgt og lågt - frå såtekonsert med Fay Wildhagen til bluescruise med dei lokale heltane i Big Men Bluesband. Tysnesfest UNG, tivoli, sykkelløp, palleløp og marknad er andre programpostar som vil gleda mange. 😊
Det blir god mat, eit yrande folkeliv og topp stemning over heile linja, og herlege sommarminne vil bli skapt for både barn, ungdommar og vaksne. 💙 Bli med på eventyret du og!
Alt du treng vita om Tysnesfest 2024 finn du på
www.tysnesfest.no
#tysnesgjevmeirsmak
#tysnesfest
Visste du at @tveitakjerring sin sjølvbetjente gardsbutikk no har ope onsdag-søndag kl. 10.00-19.00? Her er det mange ureiste matskattar å få kjøpt:
🧀 Ferskost "Mjuk kjerring" (veldig god med rørte bær)
🧀 "Skodda" cammembrie
🧀 Ferskost "Urtehage"
🧀 "Tvedta" salatost gresk og naturell på saltlake
🧀 "Steikje-ost"
🥚 Litt egg om du er heldig
Så gjer eit stopp ved Hovlandsstrando 231 neste gong du er på forbi, smaksløkane dine kjem til å dansa som våryre geiter. 😀🐐
Kombiner gjerne med ein tur innom Årbakka Handelsstad, badeplassen Klubben eller eit is-stopp på OnarTun. 😎
#tysnesgjevmeirsmak#lokalmat#osteprodusent
Avslutta konkurranse. Vinnar blei Åsne Follnes. 😊
🩷 Vinn gåve frå @gallerielisabethg 🩷
I tiår etter tiår har Elisabeth Godøy drive sommargalleri i Våge, og laurdag 22. juni kl. 17.00 er det endeleg tid for sesongopning. 🎉 Dette er alltid ei litt høgtideleg stund, og du er hjarteleg velkommen til å vera blant dei første som får sjå årets utstilling! 😀
Som ei markering av ny gallerisesong har me fått lov til å gje ein veldig artig design-kopp til ein av dykk. 🎁 Skriv “god kunstsommar” i kommentarfeltet, og du er med i trekninga. Hugs også å følga Tysnes gjev meirsmak her på Instagram om du ikkje gjer det frå før. Me trekker ein vinnar på laurdag.
Litt meir info om opninga og gallerisesongen:
🎨 Utstillinga blir opna av Arild Andersen. Musikalsk innslag av Magnus Godøy.
🎨 Det blir ei vakker utstilling med verk av bl.a. Hanne Borchgrevink, Frank Brunner, Janicke Ebbing, Lars Elling, Alf Ertsland, Håkon Gullvåg, Eva Harr, Roar Kjærnstad, Per Kleiva, Runi Langum, Astrid McGarrighan, Tor-Arne Moen, Ørnulf Opdahl, Terje Resell, Brigitte Stolpmann, Erling Valtyrson, Frans Widerberg, Nico Widerberg og mange fleire.
🎨 Galleriet vil vera ope tysdag-laurdag kl. 11-16, og søndag kl. 12-16. Stengt måndagar.
🎨 Utstillinga står til 11. august.
View more
Like @tysnesgjevmeirsmak on Facebook
#tysnesgjevmeirsmak
Tysnes gjev meirsmak is a company that will showcase all the unique services, experiences and products Tysnes has to offer through joint marketing. services, experiences and products Tys
Feel free to use the hashtag #tysnesgjevmeirsmak on SoMe if you want us to share your photos.