Frå Myrdal til Såto på sherpasti

Tysnessåto (753 moh) er det høgaste fjellet på Tysnes og eit av dei mest populære turmåla på øya. På toppen får du nydeleg utsikt i alle himmelretningar.


Den raskaste og mest brukte stien til Såto går frå Myrdal. Startar du her vinn du raskt høgdemeter – det tek ikkje mange minutt før du får fin fjordutsikt. Oppover Buskaret og Gråuro er det nokså bratt, men over 1000 trappetrinn i solid stein har gjort turen enklare for å gå for mange.

Dei sprekaste går til topps på under ein time, men det er ingen grunn til å skunda seg i denne fine naturen. Undervegs er det fleire fine kvileplassar i stein der du kan ta ein pust i bakken. Du vil garantert bli imponert over det store arbeidet som sherpaer frå Nepal har lagt ned i området.

Når du er ferdig med det siste trappepartiet og kjem opp på såtefjellet flatar terrenget meir ut – og den siste biten mot varden går i ope og fint terreng.


Turen passar for dei fleste som er i normalt god form. Hugs gode tursko med ankelstøtte, klede etter veret og rikeleg med drikke. Ein kan i utgangspunktet gå til Tysnessåto frå Myrdal heile året, men ved snø eller is bør ein vurdera forholda nøye.

Tre gode tips til deg som vil gå denne turen:

  1. I sommarsesongen er det populært å stikka innom Myrdal gard etter turen. Her får du steinomnsbakt pizza, heimelaga is, ost og andre lokalproduserte godsaker.
  2. Tysnesfjellet er stort! Ta gjerne ein avstikkar til den idylliske stølen Ådnastegen – eller kanskje heilt til Hovlandsnuten dersom du kjenner at forma er god.
  3. Uttrykket «alle vegar fører til Rom» gjeld også for Tysnessåto. Ynskjer du ein lengre og mindre bratt tur kan du til dømes gå frå Dalen, Skaret eller Solheimsdalen. Har du nokon til å henta deg, er det veldig fint å ta ei rute opp og ei anna ned.

Praktisk info om turen


Parkering

Det er skilta til Tysnessåto frå fylkesveg 549. Ta til venstre like før Myrdal gard og følg grusvegen opp til parkeringsplassen. Dersom det er fullt her, kan du køyra ca 500 meter tilbake, der det er fleire parkeringsmoglegheiter (sjå skilt på staden).


Merking

Ved startpunktet er det informasjonstavle, og turen er godt merkt heile vegen. Sherpatrappene gjer det enkelt å finna fram, og der det ikkje er trapper er det tydeleg sti.


Gradering

Raud – middels krevjande. Enkelte parti utan trapper krev nokre høge kneløft og at ein er stødig på beina.


Høgdeskilnad

Øvste parkeringsplass ligg om lag 215 moh. Total stigning herifrå er i underkant av 540 høgdemeter. Lengde 3,9 km


Tidsbruk

Ca 2-2,5 t timar tur-retur.


God tur!