Aktivitetar

Uansett kva slags interesser du har, er me sikre på at du finn noko kjekt å gjera på Tysnes.


Sauna i sjøkanten

Badstove-trenden har for lengst inntatt Tysnes også, og no har det blitt heile tre tilbod å velja mellom:

Våge: Som eit smykke i Våge gjestehamn ligg Tysnes Fyrstove – ei flott badstove med plass til 8-10 personar. Perfekt for vennegjengar, utdrikningslag, m.m. Det er badebrygge med stupetårn rett utanfor badstova. Les meir HER.

Uggdal: E.H. Vaage Damp & Bad er staden for å seinka skuldrene og nyta ei avslappande stund ved sjøen. Her kan du varma deg i saunaen, ta eit forfriskande sjøbad og nyta livet. Det er også mogleg å leiga jacuzzi, og å bestilla mat og drikke som gjer opplevinga komplett. Les meir HER.

Onarheim: Gratis, sjølvbetent sauna i OnarHamn – bryggeanlegget til Alsaker Fjordbruk. Badstova ligg integrert i det store hoppetårnet på brygga, med fantastisk utsikt mot fjord og fjell. Sjå instruksar for bruk på staden. 

Stolpejakt

I perioden 1. mai til 1. november kan du leita etter meir enn 180 stolpar i Tysnes kommune, fordelt på ulike kart. Jakta føregår både høgt og lågt, og det er stolpar for alle funksjonsnivå.

Stolpejakten er ein flott måte å bli betre kjent med Tysnes på, og det er sjølvsagt heilt opp til deg kor mange stolpar du vil leita etter. Kvar registrerte stolpe gjev deg eit lodd i trekninga av flotte premiar.

Korleis delta? Last ned appen “Stolpejakten”, lag deg ein brukar på
stolpejakten.no, og du er klar. God tur!

LES MEIR

Aktivitetsparken i Uggdal

Ved dagsturhytta Miklastofa i Uggdal kom det i 2025 opp ein heilt ny aktivitetspark der ein kan utfordra styrke, balanse og meir til på ulike apparat. Her er det noko for alle aldrar! Aktivitetsparken er heilt gratis å nytta.


Andre fasilitetar i området ved dagsturhytta: badebrygge, benker, toalettbygg,  gapahuk og bålpanne. Inne i hytta er det ein kjekk hems, bøker, benker og omn. Perfekt for å nyta nista i ly for ver og vind.

Tur-orientering

Ein kjekk sommar- og haustaktivitet som kombinerer fine naturopplevingar med orientering.


2026-sesongen: Frå 1. juni kan du kjøpa turorienteringskonvoluttar med kart og informasjon hos Bruntveit Handel, Joker Onarheim, Joker Uggdal, Tysnes blomster og interiør og Bunnpris Lundegrend. Postane ligg ute til 1. oktober.

Tur-orienteringa er eit samarbeid mellom idrettslaga på Tysnes og Reksteren.

Padling

Flatråkervassdraget, Onarheim-vassdraget, Bårdsundet, Godøysund og Ånuglo – ja kort sagt rundt heile Tysnes – er det idylliske område for padling.

Lyst til å padla i lag med andre, eller spørja lokale padlarar om tips til fine padleruter? Bli med i Facebook-gruppa "
Padle(im)puls Tysnes".


Er du på Tysnes på meir eller mindre fast basis kan du også vurdera eit medlemskap i Båtlaget Njord/Tysnes, som har ei eiga kajakkgruppe.

Golf

Tysnes golfklubb ligg flott plassert på Dalen ved eit av dei mange utgangspunkta for turar i Tysnesfjellet, og like ved Haaheim Gaard. Her er det mogleg å spela golf både for nybyrjarar og meir erfarne spelarar. 


I 2022 stod ein splitter ny golfsimulator klar til bruk. Vêr er med andre ord inga hindring om du vil ha deg eit slag golf på Tysnes.

Tysnes golfklubb arrangerer mange små og større turneringar gjennom året, følg med på Facebook-sida deira for meir info.

NETTSIDE

Bowling

I Tysneshallen på Gjerstad er det ein bowlinghall med tre banar.


Info om opningstider og prisar finn du ved å trykka på knappen under.

LES MEIR

Pumptrack

Ved Tysnes skule, i gangavstand frå Våge, finn du ein flott pumptrack-bane og ein stor og variert leikeplass. Her er det gøy for barn og unge å slå seg laus.


Det ligg også ein fin pumptrack-bane ved Bunnpris i Lunde.

Segling

Båtlaget Njord/Tysnes eig naustet Njordstø i Våge med tilhøyrande kaianlegg. Laget har eit aktivt siglarmiljø, og du er velkommen til å ta kontakt dersom du ønsker å prøva deg i denne sporten. For dei yngste kan den årlege Sjøsportveko (i juni) anbefalast. 

LES MEIR OM NJORD TYSNES

Tufteparken i Peralio

Lågterskel-treningstilbod der du bruker eigen kroppsvekt på ulike apparat, samstundes som du kan nyta ei nydeleg fjord-utsikt. Tufteparken ligg i gangavstand frå Våge, og er gratis for alle å bruka.

Frå Våge følgjer du først Teiglandsvegen nokre hundre meter, og deretter Peralivegen. Du ser tufteparken på høgre hand når du er nesten heilt nede ved sjøen. 

Onarheimsvatnet

Kano - robåt - fiske - bading


Ved Onarheimsvatnet ligg det eit fint aktivitetsområde som grunneigar har stilt til disposisjon for friluftsglade folk. Her kan du leiga robåt og kano, og du kan fiska etter aure og røye. Det er fritt fiske i vatnet, og ynskjer du å setja ut garn kan dette lånast av grunneigar. Her er elles benkar og grillar, og ikkje minst ein romsleg lavvo med grue. 


Staden ligg om lag 17 minutt (med bil) frå Våge sentrum, og berre eit par minutt frå Onarheim. God parkeringsplass like ved. Hugs å ta med redningsvest og evt fiskestang.  Kanskje teltet blir med også?

Sandvolleyball 

Tysnes har tre fine sandvolleyballbanar som du fritt kan bruka:

1. Apalvika i Lunde (biletet)
2. Kjevikjo i Uggdal
3. Reiso, ved Njardar sin grasbane

Hugs å ta med eigen ball!

Tysnes frå sykkelsetet

Heile Tysnes er godt eigna til fine opplevingar på sykkelen. Sjå deg ut eit tilfeldig mål på kartet eller vel ein av rundturane nedanfor.


Våge – Uggdal – Onarheim – Lunde – Våge 43,5 km.

Syklar du rundt øya får du ein svært variert tur, gjennom både ubebygde strøk og vakre kulturlandskap. Store delar av turen går langs Onarheimsfjorden/Hardangerfjorden, med utsikt til Kvinnheradsfjella og med Folgefonna i bakgrunnen. 


Våge – Flatråkervassdraget – Våge 31 km

Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i Våge og går gjennom skogkledde område og langsetter blenkjande vatn. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roa. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv. 

Tysnes vinterbading

Tysnes vinterbading er gruppa for deg som likar å utfordra deg sjølv, og for deg som ikke er redd for einsifra temperaturar i sjøen. Frå seint på hausten til påske møtest gjengen éin laurdag i månaden klokka 12 til en frisk dukkert frå badebrygga i Våge hamn. Etter badinga samlast ein til varmande suppe og drøs på Mandelhuset.


Gruppa er open for alle, ta gjerne med ein venn!


Kontaktperson: Christian Nome Lepsøe, tlf 995 42 336

Fiske

Tysnes er eit populært reisemål for fisketuristar. Dersom du ikkje har eigen båt, kan du ta kontakt med Tysnes Hytte- og Båtutleie & fiskeguiding. Dei tilbyr både fiskeguiding og båtutleige. Røye- og laksefiske kan også tingast.


Tlf.: 988 88 261 / 997 45 533

mail@tysnes.com

NETTSIDE

Tysnes folkebibliotek

Tysnes folkebibliotek ligg i Tysneshallen på Gjerstad. Her finn du ei flott samling barne- og ungdomsbøker, teikneseriar, tidskrift, lydbøker, samt skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne.

 

Biblioteket er meirope. Det vil seia at lånarar kan bruka biblioteket også utanom bemanna opningstid (alle dagar kl. 08:00-22:00).

 

Tysnes folkebibliotek er med på Sommarles, og tilreisande sommarlesarar kan sjølvsagt også hente premiane sine der.

 

Sjå Facebook eller heimesida for informasjon om opningstider.

NETTSIDE

Tysnes kino - Grendatun

Ein sjarmerande bygdekino i Uggdal driven på dugnad, med mest aktivitet i vinterhalvåret.

Følg med på Facebook for å bli informert om aktuelle filmar.