Frisørar og hudpleie.
Tysnes har dyktige og engasjerte frisørar, stylistar og hudpleiarar.
Kines hudpleie
Kines hudpleie er ein moderne hudpleiesalong i Våge som tilbyr profesjonelle velværebehandlingar som ansiktsbehandlingar, voksing, shellac/gelenegler, massasje, vippe-extension m.m.
Unn deg sjølv ei avslappande behandling, eller gje eit gåvekort til nokon du er glad i!
Dei tilsette er utdanna hudterapeutar og negledesignarar, og har lang erfaring.
Tlf:
932 49 125
Carisma frisør & solstudio
Carisma sine dyktige frisørar tilbyr alt innan klipp og farge, extensions, brudepynt og styling, i tillegg til piercing i øyre, nase og navle. Salongen har også eit godt utval av produkt og verktøy. Rullestoltilpassa inngang.
Det sjølvbetente solstudioet har to senger, og er ope alle dagar.
Du finn Carisma frisør & solstudio i Våge senter. Bestill time på tlf. 480 20 100, eller på carisma-tysnes.no
Frisøren på Tysnes
Frisøren på Tysnes held til i lyse og fine lokale med sjøutsikt, ytst på kaien i Våge. Solfrid og Ursula har begge mange års erfaring i faget, og tilbyr det meste innan frisørbehandlingar, samt brudepynt, hol i øyra og farging av bryn og vipper. Lokalet er tilrettelagt for rullestolbrukarar.
Timebestilling på tlf. 53432821 eller
fixit.no.
Susanna's frisør der du er
Frisør med triveleg salong på Jensvoll i Uggdal. Ho er også på hjul, og kan ta klippen heime hos deg.
Susanna tilbyr klipp/striper, farging, hol i øyra, negledesign, spraytan, makeup, vippeløft, brydepynting, form/farge av bryn og vipper, knivbarbering av skjegg og meir til. I tillegg sel ho hår- og makeup-produkt.
Tlf: 932 05 026