Lokalmatprodusentar

Lidenskapeleg opptekne av å produsera unike matskattar til deg.


Tveitakjerring – det vesle ysteriet på Tveit

Tveitakjerring produserer ureiste osteprodukt frå friske og glade geiter. Sjølv seier bonden Lucianne ho at ho ikkje likar falske fasadar, og at ho kan vera både sur, mjuk, krydra, trolsk, søt osv. Desse skildringane har ho tatt med seg når ho har namngitt ostane sine, for på Tveit blir det laga alt frå «Mjuk kjerring» til «Trollkjerring».

Ta turen innom den vesle sjølvbetente gardsbutikken hennar i sommarhalvåret og finn dine favorittar. Kanskje litt "steikjeost" til å ha på grillen?

Tveitakjerring er også å finna på dei lokale REKO-ringane.


Tlf: 974 33 007

NETTSIDE

Myrdal gard

Myrdal gard ligg 250 meter over havet, like under Tysnessåto. Her kombinerer Jasper og Nynke van Schaik den berømte nederlandske ostetradisjonen med gode lokale råvarer. Drivne pizza-bakarar har dei også blitt, og gardsbutikken har etter kvart utvikla seg til å bli ein populær sommaropen restaurant.


I tillegg til ost, pizza og tapas byr gardsbutikken på yoghurt, iskrem, diverse bakst, egg, og kjøt. I hyllene er det også lokalmat og drikke frå andre produsentar.

Bestill gjerne ei omvising i ysteriet/på garden.


Tlf: 40 19 09 40

NETTSIDE

Heimalaga av Robles

Heimalaga av Robles er eit lite heimebakeri i Myrdal drive av Nicole Andrea Robles. Ho tar bestillingar på brød, rundstykke, bollar og annan søtbakst frå både privatpersonar og bedrifter.

Nicole likar å eksperimentera med ulike krydder og fyll, så om du har ein idé til noko litt utanom det tradisjonelle, tek ho utfordringa på strak arm. Gjennom året lagar ho sine eigne smaksvariantar av bollar etter sesong, frå påskebollar med appelsin og sjokolade om våren til peparkakebollar i desember. Alltid med rause mengder av dei råvarene som gjer bakverka saftige og ekstra smakfulle.

Ho har elles sal av kanelfletter på Meirbruk i Våge dei fleste laurdagar. Følg gjerne Facebook-sida hennar for å halda deg oppdatert på kva tid det kjem bollar i butikken.


Tlf: 971 84 803

Garden på Dalland

Anders og Irene Dalland sin visjon er å driva gard på ein berekraftig og naturleg måte, med dyra sitt beste i fokus. Dei har eit sterkt ønske om at dyra skal få leva på sine eigne premissar, ikkje på premissane til kapitalstyrt industriell matproduksjon. Dei skal leva av og i naturen, og utnytta dei ressursane som finst på garden. Dette krev mykje av bøndene, men resultatet er kjøtprodukt av ein heilt særeigen kvalitet.


Garden på Dalland har vestlandsk fjordfe og gammalnorsk sau. Dyra nyttar nofence og lever det gode liv.


Følg med på Facebook og Instagram for oppdateringar om alle dei spennande planane på garden og info om kor du kan få kjøpt produkta deira. Garden på Dalland har også ein populær Snapchat-konto: "gardenpadalland".

Tlf 95 04 91 31 (Irene)

NETTSIDE

E H Vaage landhandleri, bageri og dampskibsexpedition

Sjokoladefabrikk, restaurant og sal av lokale handverksprodukt. Handelsplassen er i dag som eit levande museum, der ein kan sjå korleis ein handelsstad kunne vera for 100 år sidan.

 

I 1895 overtok Engelaus H Vaage handelstaden etter faren på Eie i Uggdal. Han gifta seg til pengar og bygde butikken der den står i dag i 1902. Den blei seinare driven av sonen Ole Vaage, fram til den blei lagd ned i 1987. Dei siste åra har Haaheim Gaard restaurert den og gjort den til sitt vindauga mot havet. Her har også Haaheim Sjokolade sin produksjon og utsal av handlaga konfekt.


Lat att augo og nyt minne frå ei svunnen tid! 

Myrvold gård på Huglo

På Myrvold er det Lillian som står bak produksjonen, med fokus på lokal foredling av mjølk frå eigne dyr. Mjølka kjem frå tre ulike verneverdige norske kurasar: vestlandsk fjordfe, telemarkfe og dølafe, som dannar grunnlaget for det vesle meieriet på garden.


Når kalvane har fått sitt, blir mjølka vidareforedla til yoghurt, rømme, kefir, ost og smør, i tillegg til fersk mjølk levert på glasflasker. Mjølk og fløyte frå kyrne og egg frå garden sine høner blir til den beste kortreiste iskremen.


Lillian har eit spennande utval av salt, oljer, sirupar og purear for sal i gardsbutikken. Oljene er laga etter gamle oppskrifter og tilsett smakar frå naturen rundt garden og urter og bær, sanka i nærområdet.


I gardsbutikken er det også eit variert utval av kjøtt frå geit, sau og ullgris, og pølser spesiallaga for garden av Brødrene Lundal.


Tlf: 470 43 390

NETTSIDE

Fru Aarvik / Aarvik Gaard

Fru Aarviks vesle bakeri og kjøkenhage er eit sjarmerande, økologisk bakeri i den idylliske bygda Baldersheim, kort veg frå Tysnes. Ranjeeta Styve Aarvik har ein stor lidenskap for gode, kortreiste kvalitetsråvarer, og spesielt urkorn og andre gamle kornsortar. I bakeriet sitt tryllar ho fram dei flottaste bakverk, alt frå steinomsbakte surdeigsbrød til saftige skillingsbollar med ekte Ceylon-kanel. 


Fru Aarvik har også sal av andre økologiske produkt som kaffi, te, sjokolade, nøtter, tørka frukt, ost, spekemat, juice/most, grønsaker i sesong og mykje anna godt.


Surdeigs-bakekurs blir arrangert fleire gonger i året. 

Tlf: 92 40 10 99

NETTSIDE

Marina Mihaylova / @Kake_Bergen_Tysnes

Bakverk og ukrainsk mat


Marina er ein dyktig og kreativ konditor frå Ukraina, som er lidenskapleg opptatt av faget sitt. Ho bur no på Tysnes, og målet er å etablera sin eigen arbeidsplass.


Hos Marina kan du bestilla nydelege, velsmakande:


1. Unike kaker til bryllaup og andre merkedagar, kaker til barneselskap, dåp, konfirmasjon, avslutningar, jubileum, samt temakaker, dessertkaker, terter, cupcakes, marshmallowbukettar, godteri med meir.


2. Ukrainske rettar som dumplings, borsh, salatar og anna.


Ta ein kikk på hennar instagramprofil for døme. Ta òg kontakt om du har spesielle ønske.


Tlf: 93979643