Attraksjonar
Her er det mykje spanande å få med seg. Finn dine favorittar og set av god tid!
Årbakka Handelsstad og Årbakkavollen
Denne sommaropne handelsstaden er ein klassisk vestlandsk landhandel frå 1898, som ligg lunt til ut mot Onarheimsfjorden. I sjøbuo er det kunstutstillingar og sal av brukskunst. I smio har Tysnes kystlag utstilling av ting som høyrer kysten til. I krambuo står interiøret som på 1930-talet, og her kan du kjøpa handverksprodukt, vaflar og kaffi.
Like ovanfor handelsstaden ligg Årbakkavollen, eit fornminne frå eldre jarnalder (0-550 e.kr.) med restar etter 20 gravrøyser og minst 6 bauta-steinar.
Infotavle ved parkeringsplassen, gratis parkering og inngang. Gjestehamn.
Myrvold gård
Besøksgard, mat og opplevingar på Huglo – ein kort, gratis ferjetur frå Tysnes.
På Myrvold gård tar Lillian og Morten Anthonessen imot gjester som ønsker noko litt utanom det vanlege – enten det er for eit måltid, ei overnatting eller for å koma tett på dyr og natur. Garden husar både tradisjonelle husdyr og langt meir eksotiske innslag, som til dømes emu, iguanar og skjelpadder.
I pizzarestauranten blir det brukt eigenproduserte ostar som er laga av mjølk frå kyrne du ser ute på jordet, og i gardskafeen kan du kjøpa nybakt solskinnsbolle, gulrotkake, is eller vaffel toppa med heimelaga rømme og syltetøy.
Ta turen til Huglo og blir overraska over alt det denne spennande garden har å by på. Lyst å overnatta? Sjå nettsida for nærmare info.
Galleri Elisabeth G
Populært sommargalleri drifta av den dedikerte kunstformidlaren Elisabeth Godøy. Her, sentralt på kaien i Våge, finn du kunst frå mange av dei fremste kunstnarane i Noreg – formidla gjennom måleri, grafikk, foto, skulptur og glas.
2026-sesongen: ope tysdag-søndag frå 20. juni til medio august.
Tlf:
911 31 881
Breidablikk Anno
– der historia vaknar til liv
Velkomen til ein heilt spesiell galleributikk og verkstad! 500 meter frå Våge finn du eit lite univers av tekstilhandverk og kulturhistorie, skapt av Britt Kjellesvik Rage.
Her kan du oppdaga handlaga skattar du ikkje finn andre stader: Dokker i historiske drakter – og dokker som inspirerer til leik. Historisk inspirerte plagg for både vaksne og barn, frå vikingtid og mellomalder.
Bøker av Knut Rage og Britt sine eigne draktbøker, samt skiftande utstillingar av autentiske historiske plagg. Mini-foredrag etter avtale.
Ope på førespurnad heile året i Grovarvegen 16, ta kontakt med Britt for avtale, tlf 98654110.
E H Vaage landhandleri, bageri og dampskibsexpedition
Sjokoladefabrikk, restaurant og lokalmatutsal. Den gamle handelsplassen er i dag som eit levande museum, der ein kan sjå korleis ein handelsstad kunne vera for 100 år sidan.
I 1895 overtok Engelaus H Vaage handelstaden etter faren på Eie i Uggdal. Han gifta seg til pengar og bygde butikken der den står i dag i 1902. Den blei seinare driven av sonen Ole Vaage, fram til den blei lagd ned i 1987. Dei siste åra har Haaheim Gaard restaurert staden og gjort han til sitt vindauga mot havet. Her har også Haaheim Sjokolade sin produksjon og utsal av handlaga konfekt.
Lat att augo og nyt minne frå ei svunnen tid!
Kulturløo på Drange
Kulturløo har ei stor og unik samling av reiskapar på garden Drange frå 1850-1950. Folket på garden gjorde alt arbeid sjølv, og dreiv m.a. som bøkkar, skomakar, smed, snikkar, og fiske. I Kulturløo er det utstillings- og festlokale.
For omvising, ta kontakt med Helge Drange på tlf
906 98 140 eller e-post hbdrange@online.no
Følg elles med i SoMe for info om opne dagar.
Svolvelkisgruva i Selvågen
Ikkje langt unna Hodnanes ferjekai, i retning Onarheim, kan du utforska ei ekte gruve som ligg like ved fylkesvegen. Gruvegangen går om lag 140 meter inn i fjellet, og lengst inne deler den seg i to sidegangar, kvar på 5-6 meter. Gruva er heilt trygg å gå i, men det kan vera ein fordel å ha vasstette sko. Hugs lommelykt og ein dose eventyrlyst.
Når du står ved avkøyrsla til Hodnanesvegen 252-254, finn du gruva på motsett side av fylkesvegen (sjå kart). Her er det også ei graslomme med plass til 1-2 bilar. Det er infotavle ved gruveinngangen.
Tinghuset i Uggdal
Tysnes sogelag, Tysnes bygdekvinnelag, Tysnes musélag og Venelaget for jåttseglarane har gått saman om å laga innhaldsrike utstillingar i det gamle Tinghuset i Uggdal. Her kan du læra om korleis tysnesingane levde før i tida.
Dei som ynskjer ei omvising i Tysnes sitt nye kulturhus kan ta kontakt med ein av personane under:
Jorunn Bjordal tlf.: 95066576
Sigurd Bjordal tlf.: 90868624
Olav Skjellevik: tlf.: 91532806
Tysnes skulemuseum
I Solheimsdalen ligg Tysnes skulemuseum. Skulehuset er frå 1896 og inneheld ei flott klassisk skulestove saman med lærarbustad og uthus. Originale pultar og inventar er utstilte, og ein har i tillegg samla inn skulemateriell og gjenstander frå heile kommunen frå den tida grendeskulen var i drift.
Omvisning på førespurnad til Hans Tore Brekke: 481 48 282
Krigsminne på Reksteren
Under krigen vart det bygd to tyske fort på Reksteren, eitt i sør - på Flygansvær - og eitt i nord, på Kaldafoss.
Fortet på Flygansvær er relativt stort og godt bevart. Det er sett opp ei informasjonstavle ved fortet med kart over anlegget.
Ved Kaldafoss vart det i 2014 reist ein bautastein til minne om tre britiske flygarar som vart skotne ned i 1941.
Marmorgruva på Seløya
Dette er ei av dei mest spektakulære marmorgruvene i Sunnhordland, der eit lag av marmor er hola ut ei gruve under bakken, truleg så langt tilbake som 1600-talet. Det er fleire inngangar til gruva, og særleg spektakulært er det å stå på innsida og sjå ut mot sjøen.
Seløya ligg mellom Flornes og Ånuglo, søraust for Onarheim. Staden er ikkje tilrettelagd for båt-tilkomst, det er anbefalt å bruka dregg.
Kalkomnen i Flakkavågen
Berggrunnen på austsida av Tysnes er svært kalkhaldig. Dette har vore utnytta til kalkbrenning i fleire hundre år, og gav gardane i området ei spesiell attåtnæring fram til 1900. Den ferdige kalken vart skipa m.a til Bergen og nytta til husbygging. Kalkomnen på Flakka vart restaurert i 1992 av Tysnes kulturminnelag i samarbeid med Tysnes kommune.
Omnen ligg ved Flakkavågen ca 2 km sør for Onarheim. Parkering og informasjonstavle ved hovudvegen. Obs - noko attgrodd vegetasjon.
Tysneset
Kultplass, soldyrking og ekserserplass med gapestokk og minne frå fleire kyrkjer. Ta av hovudvegen mot Godøysund og følg skiltet til Tysnes. Gå vegen med steingarden på venstre hand. Informasjonstavle ved kyrkjegarden.
Hope kyrkjegard
Kyrkjegarden på Reksteren vart vigsla i 1890 og nytta fram til 1922. Kapellet er eit kombinert bårehus og portal inn til den særmerkte kyrkjegarden. Informasjontavle ved steingarden.
