Overnatting

Historisk hotell, birdbox eller leilegheit i sjøkanten? Vel det som passar deg og dine behov best.


Haaheim Gaard

Haaheim Gaard ligg høgt og fritt på 170 moh, på fine dagar seier ein at ein kan sjå om naustdørene på Shetland er opne. Hotellet har ein nydeleg kulturhage med orangeri, lysthus, kapell og 1500 meter med hagestiar som slynger seg mellom små hagerom med benkar og blomsterbed.


Hotellet har i dag 24 rom, der suitene er fra 35-45 m2 med eiga badstu. Romma er innreidd i historisk stil, dei fleste med rekonstruerte historiske tapetar frå svenske og norske herregardar og slott.


Haaheim er kjend for sin særeigne og personlege atmosfære, og kjøkenet byr på smakfull mat med sesongbaserte råvarer.


Booking på 53 43 30 00 / 904 72 920, eller via nettside.

NETTSIDE

Birdbox Årbakka

Tysnes sitt mest unike overnattingskonsept?

Her kjem du tett på naturen og kan nyta ei fantastisk panoramautsikt mot blant anna Onarheimsfjorden, Ulvanosa, Melderskin og Rosendal. Birdbox Årbakka gir deg ro i sjela og ei oppleving du seint vil gløyma. Ta med deg kjæresten eller ein god venn, det er sengeplass til to.


Kombiner gjerne birdbox-opphaldet med ein tur i det vakre Tysnesfjellet, eller med eit besøk på Årbakka Handelsstad.

BOOKING

Vaktmeisterhuset på Solstråleøya

I Godøysundet ligg frodige og unike Solstråleøya, med om lag ulike 20 treslag, og stiar som innbyr til utforsking og rekreasjon. Øya har ei heilt spesiell historie, som omhandler både ein engelsk adelsmann, ei mystisk ung pike og den norske kongefamilien. I dag er staden ein populær destinasjon for båtturistar.

Aust på Solstråleøya, berre få meter frå sjøen, kan du overnatta i det som tidlegare var Kongen sin vaktmeisterbustad. Her er det 7 sengeplassar, kjøken og to stover. Like nedanfor huset ligg to kanoar, som du kan låna gratis. Området rundt er eit eldorado for padlarar.


Det er Solstråleøya Venelag som driftar utleigehuset. Ta kontakt med Terje Sløgedal på tlf 418 08 428 for å tinga overnatting. Obs - du må ha båt for å koma deg til øya.

LES MEIR OM ØYA SI HISTORIE

Gardsopphald på Huglo

Mange tar ein dagstur til Myrvold gård på Huglo for å helsa på dei mange dyra og eta god mat, men det finst fleire gode alternativ for deg som ønsker å forlenga opphaldet. Velsmakande frukost med lokale råvarer blir tilbydd etter avtale. 

Glamping: Berre fem minutts gange frå tunet ligg garden sin glampingplass, med nydeleg utsikt mot fjord og fjell. Her bur du i innreidde telt med komfortable senger og oppreidd sengetøy, der du kan nyta stilla og nærleiken til naturen – utan å gi avkall på komfort.

Hus: Det koselege “pizzahuset” har restaurant i første etasje og fine rom for utleige i 2. etasje. Her er det eitt familierom med fire sengeplassar og to innbydande dobbeltrom.

Bubil: Garden er Nortrip-vertskap og har oppstillingsplass for inntil tre bubilar.

NETTSIDE

Skihytta på Ådnastegen

Kunne du tenka deg å bu på ein vakker støl i Tysnesfjellet, om lag 1-1,5 time frå allfarveg? Mellom Tysnessåto og Hovlandsnuten ligg ei koseleg hytte som er til ålmenn utleige.


Skihytta har to soverom og hems + sovesofa. Sengetøy/sovepose, handkle og mat tar du med sjølv, elles finn ut alt du treng av utstyr i hytta. Her er både gasskomfyr, solcellepanel, bålpanne og hengekøye. Det er fleire fiskemoglegheiter i området.


Vatn hentar du frå ei kjelde like ved hytta, og dobesøk skjer på utedo. Dette er ei sjarmerande reise tilbake i tid, langt frå asfalt, trafikk, kjas og mas.


Book di overnatting hos hyttekontakt Juniane Vevatne Lunde på tlf 99773636.

Flatråker Brygge

På vestsida av Tysnes, nede ved sjøkanten, ligg Flatråker Brygge – ein stad med historie, sjarm og ekte kystidyll. Dagens eigarar kjøpte den tidlegare så staselege eigedomen vinteren 2025, og har sidan då lagt ned ein stor innsats i å få staden til å skina igjen.


Her kor det ein gong var ferjekai og bygda sitt naturlege samlingspunkt, kan du snart nyta moderne ferieleiligheiter med utsikt over fjord, fjell og båtliv.


Opnar etter planen sommaren 2026 – følg dei gjerne på Instagram for oppdateringar.

Tlf:
48 13 49 89

NETTSIDE

Tysnes Sjø og Fritid

Sjølvstells-leilegheiter heilt i sjøkanten i Uggdal,
med herlege solforhold. Kort veg til daglegvarebutikk, badeplassar og turområde.


Tlf 53 43 20 00/978 69 087

OnarTun

Senteret OnarTun på Onarheim har 6 motellrom til utleige.

I same bygg finn du daglegvarebutikk (Joker), sjølvbetent treningssenter, squashbane og kafekrok med gratis kaffi og sal av softis. Senteret er tilrettelagt for rullestolbrukarar, og har kundetoalett. Elbil-lading og drivstoffanlegg ved parkeringsplassen. 

Frå OnarTun er det gangavstand til båthamn med flott stupetårn. Området har nydeleg utsikt mot Onarheimsfjorden og Kvinnheradsfjella. Fint turterreng i nærleiken.

Ta kontakt med Lea Rehling Qvistgaard for booking. Tlf 96 09 44 09.

NETTSIDE

Laukhamar Rorbuer

Laukhamar Rorbuer ligg på Skorpo, heilt sør i Tysnes kommune. Her er det roleg og fredeleg og ingen gjennomgangstrafikk. Vertskapet har fire rorbuer som ligg heilt i sjøkanten, og ei hytte som ligg idyllisk til.


Det er båtar til rorbuene og hytta, og gode fiskeforhold. Det er også fine turmoglegheiter i området.

Tlf: 47 60 42 26

NETTSIDE

Tysnes Hytte- og båtutleie & fiskeguiding

Utleige av feriehus og båt fleire stader på Tysnes. Har også bubilparkering på Jensvoll i Uggdal.

Tilbyr kurs i sjøfiske, blant anna spesiell djupvassfiske etter lange og brosme. Kursa varer frå 6 timar til heile dagen. Røye- og laksefisking kan også tingast.



Tlf: 988 88 261 / 997 45 533

NETTSIDE

Airbnb

Det finst ei rekkje trivelege hus, hytter, leilegheiter og naust på Tysnes som kan leigast via Airbnb.


Gjer eit søk på knappen under og finn det overnattingsalternativet som passar best for deg.

TIL LEIGE PÅ TYSNES