Fagfolk/bedrifter

Tysnes har dyktige og dedikerte fagfolk på mange ulike område.


Tysnes Sparebank

Tysnes Sparebank er den frittståande lokale sparebanken for Sunnhordland, Hardanger og Bjørnefjorden.


Ynskjer du ein personleg bank, som er tilgjengeleg og løysingsorientert, er lokalbanken den rette for deg. Tysnes Sparebank tilbyr tenester innanfor kvardagsøkonomi, sparing, forsikring og utlån.


Tlf: 53 43 03 00

NETTSIDE

Tysnes Bolig 

Tysnes Bolig AS driv prosjektering, bygging og sal av bustader på Tysnes.


Visjonen til selskapet er å tilby rimelege leiligheter i heile Tysnes kommune.  Sidan oppstarten har Tysnes Bolig AS oppført 100 leiligheter og småhus i forskjellige byggefelt rundt på Tysnes. Mange av desse er selde til ungdom under 23 år. Hus står ikkje tomme på Tysnes, så med andre ord; Jo fleire husvære, jo fleire innbyggarar! Tysnes bolig AS vil forsetta å ta sitt samfunnsansvar til krampen tar dei!

Tlf Sigvard: 91 81 06 38. Tlf Trond: 95 70 20 05

NETTSIDE

Bladet Tysnes

Bladet Tysnes er lokalavisa for alle tysnesingar, både fastbuande og ferierande.

I avisa får du kvar veke lokalt nytt om og frå Tysnes. Papiravisa kjem ut kvar torsdag, og nettavisa vert oppdatert dagleg.


Avisa blir lesen av meir enn 3500 kvar veke, og ein annonse enten i papiravisa eller i nettavisa når ut til eit stort publikum som er opptekne av kva som skjer på Tysnes.


Bladet Tysnes kan også tilby produksjon av trykksaker og profileringsartiklar. 

Tlf: 53 43 22 20

NETTSIDE

Andersland Bygg 

Andersland Bygg har bygd opp ein solid tillit hos sine kundar, gjennom å levera kvalitetsbygg og god service til konkurransedyktige prisar.

Dei har kompetanse og kvalifikasjonar til å utføra dei fleste typar byggeoppdrag innan tre og betong, og leverer heile produktspekteret frå hus til hytter, naust, garasjar og tilbygg, samt nærings- og offentlege bygg.


Tlf: 53 43 05 00

NETTSIDE

EB Fiks & Fisk er ei elevbedrift ved Tysnes skule som utfører forskjellige jobbar og prosjekt innan trevirke som til dømes brygger, flytebrygger, gapahuk og terassar. Dei har også sal av fisk, krabbe og hummar i sesong, og forskjellige små ting i tre som til dømes kjøkkensleiv. Du kan også kjøpa macrame av dei.

Ta kontakt om det er noko du treng utført innan trevirke, eller om du ønsker å få fjerna små kratt og skog i nærleiken av Våge og Godøysund.

Lynghaugane Møbelverkstad

Ein liten men ambisjonsrik verkstad driven av Aleksander Fauske. Målet hans er å bygga kvalitetsmøblar som held livet ut, tilpassa kunden sine mål og ynske. For å sleppa å byta ut møblar annakvart år, eller gå innom store varehus for å leita etter møblar, vil han bygga møblar ein stolt kan visa fram, ta vare på og bruka i mange år.


Lynghaugane Møbelverkstad er opptekne av å nytta lokalt lauvtre-materiale frå Tysnes som t.d. eik, ask og osp, og lagar alt frå spisebord og skjenkar til tv-bord og lounge-stolar på bestilling.

Verkstaden tek også på seg reparasjons-oppdrag, og tilbyr utleige av utstyr. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har eit prosjekt du vil diskutera med Aleksander.

Tlf: 95 28 87 97

NETTSIDE

Tiko - Elektrikaren på Tysnes

Bedrifta finn du på ferjekaien i Våge. Butikken i 1. etasje har eit enkelt utval av elektriske artiklar, lampar og ulikt datautstyr.


Stikk gjerne innom for prosjektering av elektriske anlegg eller ny varmepumpe.


Tlf: 53 43 22 44

NETTSIDE

Byggmester Belt

Byggmeister Belt AS er din lokale byggmeister på Tysnes.


Firmaet var stifta i oktober 2016, og har to tilsette: Bjarte Lie og Kjetil Skjolde. Dagleg leiar Arve Belt er utdanna byggmeister frå 2000.


Firmaet er opptekne av at kundane skal ha tillit til dei, og vera nøgde med arbeidet deira. Dei legg stor vekt på tilbakemeldingane frå kundane sine. 

Tlf:
911 63 355

NETTSIDE

Tysnes Industri AS – TIAS

TIAS er ei vekstbedrift som har fokus på at alle skal få nytta den kompetansen dei har, og i tillegg få mogelegheit til å utvikla seg.


Bedrifta har to vaskeriavdelingar, og tek imot oppdrag frå ei rekkje bedrifter og private. I tillegg blir det leigd ut matter og moppar. Treavdelinga har lang og brei erfaring med spesialbestillingar. Det blir produsert transportkassar, -krakkar, -stativ, rastebord og mykje meir. Treng du treemballering tilpassa ditt produkt? Ta kontakt med TIAS! Ved montasjeavdelinga blir det pakka og samanstilt ulike komponentar og monteringssatsar. Avdelinga har også to industrisymaskiner og ei broderingsmaskin.

 

TIAS eig og driftar nettsida tysnesingen.no, der slagordet er «Inga sak for lita, inga sak for stor». Dette er ei nettside av og for folk som er interessert i Tysnes og kva som skjer her. Sida tek pulsen på Tysnes-samfunnet og er ein nyttig informasjonskanal. Ei positiv side med låg terskel for å publisera innsende og aktuelle saker.

 

Bedrifta held til i eige bygg i Eredalen, midt mellom Uggdal og Våge.
Tlf: 53 43 16 60

NETTSIDE

Blikk Design

Treng du ein logo, annonse, skilt, brosjyre eller ei lekker nettside?


Marita Bakke starta Blikk Design AS i 2017. Med over 30 års erfaring innan reklamebransjen, håpar ho å kunna tilby både kvalitet og eit godt, kreativt blikk.


Leverer raskt og til rimelege prisar.


Tlf: 995 45 814

NETTSIDE

Treco Bil

Velkommen til Treco Bil AS – ein bilverkstad i BilXtra-kjeden, lokalisert i Våge.

Treco utfører:
 
- Reparasjon av alle merke
- Service på alle merke, nye/eldre
- Skadereparasjonar
- EU-kontroll 

Verkstaden er godkjent lærebedrift.

Tlf:
53 43 16 30

Hansen Blogg og Betong

Hansen Blogg og Betong er eit lite, men stort enkeltmannsforetak, som hovudsakleg driv med betongarbeid. Foretaket held til på Tysnes, og tar på seg både mindre og større prosjekt, både lokalt og til tider utanfor kommunegrensa. Sjekk dei ut på Facebook eller Instagram.

Tlf: 406 01 318

Tysnes Bilsenter

Tysnes Bilsenter AS blei etablert i 2001. Verkstaden har fire tilsette, og er godkjent både for lette og tunge køyretøy.


Dei tek EU-kontroll på alle typar køyretøy, lettare karosseriskader,

ruteskifting, service og reparasjoner. Du finn Tysnes Bilsenter på Reiso i Uggdal. 

Tlf:
53 43 33 30

NETTSIDE

Skarvatun VVS

Rørleggarbedrift som tilbyr rørleggartenester til private og bedrifter i Kvinnherad, Tysnes, Fusa, Kvam og Os. Dei påtar seg det meste innan rørleggarfaget, og bedrifta har også Mesterbrev og Sentral Godkjenning. Tittelen gir deg som kunde tryggleik for at du har valgt ein rørleggar med solid utdanning og praksis i faget.

Tlf: 958 63 295

NETTSIDE

Tysnes Hus og Hytte Service

Ein påliteleg partnar i oppussingssaka.


Tysnes Hus og Hytte Service AS er ein lokal tilbydar av ulike handverkstenester. Selskapet er drive av Lars Leknes Auran og Knut Nesse. Dei etterstrebar å imøtekoma kundane sine behov til ei kvar tid, og er ein fleksibel og påliteleg leverandør. Dei tilsette har mange års erfaring i bransjen.

Firmaet kan hjelpa deg med det aller meste innan rehabilitering og oppussing, og tek på seg både små og store oppdrag. Dei har til ei kvar tid tømrar, murar med våtromssertifikat og målarar tilgjengeleg.


Tlf Lars: 454 14 545. Tlf Knut: 974 66 160

NETTSIDE

Bruntveit Maskin

Utfører alt av maskinentreprenørtenester lokalt på Tysnes og i Hordaland. Kontakt dei i dag for ei uforpliktande synfaring!


Bruntveit Maskin AS innehar Sentral godkjenning og er godkjent lærebedrift. Dei har flotte og engasjerte medarbeidarar som opererer ein moderne maskinpark med gravemaskiner frå 8-25 tonn, lastebil og traktorar. 

Tlf: 901 57 476

Marinegruppen

Din totalleverandør av brygger og marinaer.


Marinegruppen AS er eit selskap på Tysnes som produserer og forhandlar flytebrygger, marinaer og andre flytande konstruksjonar skreddarsydd etter kunden sine ønske og spesifikasjonar. Deira arbeidsteikningar og utrustningar blir teikna av ingeniør, og blir dimensjonerte for å tola alle typar straum- og vêrforhold i lang tid.

Ta kontakt for ein uforpliktende prat og pristilbod. Marinegruppen leverer over hele landet.

Tlf:
913 07 159

NETTSIDE

Rune's Maskin AS

GRAVING - SPRENGING - TRANSPORT

Rune’s Maskin AS har brei erfaring og stor ekspertise innan entreprenørverksemd. Dei utfører det du treng av entreprenørtenester til små og store prosjekt, og kan gje deg ein totalpakke på alt innan grunnarbeid til bustadfelt, hyttefelt og industritomter.
 
Firmaet har over 25 års erfaring i bransjen, og strebar etter å gje deg som kunde god service og eit godt sluttprodukt. 

Tlf:
970 81 251

NETTSIDE

Har du tips til kva me kan ha med på nettsida?


Send melding her
Share by: