Opplev majestetiske Hovlandsnuten (727 moh) 

Om Tysnessåto (753 moh.) er kongen av Tysnesfjellet, så er i alle fall Hovlandsnuten dronninga. Mange vil seia at utsikta herifrå er den vakraste på Tysnes. 


På denne toppen kan du nærmast sitja og dingla med beina og sjå ned på bygda, medan du beundrar dei spisse Kvinnherad-fjella på andre sida av Onarheimsfjorden. Ligg fjorden blank i tillegg, må du rekna med å bli fullstendig seld.
 
I denne artikkelen får du beskrive to forskjellige ruter til Hovlandsnuten: frå Skaret og frå Årbakka. Det kan vera kjekt gå eine vegen opp og den andre ned, viss du og turfølgjet ditt har høve til å parkera bil begge stader. Det er berre fem minutt å køyra mellom dei to startpunkta.

Skaret - Vasstøl - Hovlandsnuten

Denne populære ruta går forbi ein av dei vakraste fossane på øya og eit idyllisk vatn.


Parkering

Det er god parkeringsplass ved fv. 78 mellom Vevatne og Nymark/Hovland. På Google maps er staden merkt som “Turparkering: Hovlandsnuten”.
Sjå lenke
HER.


Turskildring:
Den første halvtimen av turen går på fin skogsveg opp mot Vasstøl. Etter eit par minutts gange får du vakre Fossane på høgre hand. Elva som leiar ned til fossen vil du snart møta igjen lengre oppe i terrenget, og her får du gjerne auge på aure. 

 

Når du kjem til Vasstølstjødno følgjer du stien til venstre langs vatnet, og på andre sida (følg skilt) tek du til venstre igjen og byrjar på den etter kvart bratte stigninga oppover Sandlopeskaret. Frå Vasstøl til Hovlandsnuten er det 3 kilometer å gå, og det tar om lag ein time, alt etter form. Stien er tidvis bratt og steinete, men tydeleg og lett å følgja. Etter kvart går ein meir over i lyng og kratt.

Merking

Ved startpunktet er det informasjonstavle, og turen er godt skilta og merkt.
 
Gradering

Raud. Krevjande pga bratte parti.
 

Høgdeskilnad og lengde
170-727 meter. Lengde ca 4 km opp.

Tidsbruk
1,5-2 timar frå parkeringsplassen til toppen.
 
Hugs å ta med deg noko godt å eta, for her har du lyst til å sitja ei stund!

Årbakka - Svinadalen - Hovlandsnuten 

Denne turen startar nede i bygda og går via ein fin støl i fjellet. Utsikta blir berre meir og meir imponerande for kvar høgdemeter du vinn.


Parkering

Parker ved gamal gul garasje nokre hundre meter sør for avkøyrsla til Årbakka Handelsstad på Fv 78. Sjå kartplassering HER.


Turskildring:
Frå parkeringa spaserer du ca. 500 meter nordover på fylkesvegen og tar til venstre opp Liavegen, som du følger heilt til endes. Til slutt kjem du til to steinløer. Gå gjennom grinda her og finn stien som går opp i terrenget (sjå etter merking).
 
Vidare skal du gjennom eit granfelt i bratt terreng. Etter kvart kjem du opp i opnare landskap, men dette er heilt klart ein tur der du får testa kondisjonen. Vakre Svinadalen ligg langs ruta, her kan du ta ein pustepause ved sela og nyta utsikta før du fortset vidare oppover mot Hovlandsnuten. Du kan rekna om lag ein time til Svinadalen og ein halvtime derifrå til toppen.
 
Hugs gode tursko med ankelstøtte. Stien er vekselsvis tørr/steinete/våt.

Merking

Stien er skilta og T-merkt.
 
Gradering

Raud. Krevjande pga bratte parti
 

Høgdeskilnad
60-727 m
 

Tidsbruk
1,5-2 timar frå parkeringsplassen til toppen.
 
God tur!