Turmål

Overalt på Tysnes finn du skogsvegar og stiar for både korte og lengre turar. Her er nokre utvalde alternativ.


Tysnessåto 753 moh

Tysnessåto er Tysnes sin høgaste fjelltopp, og her får du fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Det er mange vegar til toppen, og den kortaste (og brattaste) går frå Myrdal. Delar av løypa består av flotte sherpatrinn, og dei sprekaste går til topps på under ein time.


Vil du ha ein slakare og mindre utfordrandre veg kan du gå frå Solheimsdalen, der det er parkeringsplass på Skjolda. Det er også merkte stiar frå Dalen, Gjerstad og Skaret. Har du nokon til å henta deg med bil, vil me anbefala å ta ei rute opp og ei anna ned.

Hovlandsnuten 727 moh

Hovlandsnuten er kanskje den fjelltoppen på Tysnes som gjev deg den mest spektakulære utsikta. Her kan du nærmast sitja og dingla med beina og sjå ned på bygdene Hovland og Tveit, medan du beundrar dei spisse Kvinnherad-fjella på andre sida av Onarheimsfjorden.


Det er merkt sti frå Skaret ved fylkesveg 78 mellom Lunde og Nymark. Litt bratt men fin skogsveg til Vasstøl, og deretter veldig bratt sti (3-400 høgdemeter) vidare mot Hovlandsnuten. Litt flatare like før toppen. Som eit alternativ kan ein frå Vasstøl gå via Idlekleiv og Etlådna (også merkt).


Ei anna fin merkt rute går frå Årbakka. Parker ved gamal gul garasje nokre hundre meter sør for avkøyrsla til Årbakka Handelsstad på Fv 78. Spaser så nordover på fylkesvegen og ta av ved Liavegen, som du følger oppover. Øvst, i enden av vegen, ligg to steinløer. Gå gjennom grinda og følg stien bak florane.

Ramnanuten 266 moh

Ein topptur som gjev deg mykje løn for strevet. Det går merkt løype frå Tysnes skule, og ein kjem seg til topps på ca 30 minutt. Frå Våge hamn er det gangavstand til startpunktet, så dette er ein fin tur for båtturistar.

 

Turen går for det meste på sti, men det er også steinete parti. Vil du gå ein annan veg ned for variasjon, følgjer du stien på nordsida av toppen (motsett frå der du kom opp). 

Verdens Ende

Enkel tur i nydelege omgivnader ved Bjørnafjorden, som garantert gjev meirsmak for heile familien. Det er tørt og fint å gå her heile året.

Start ved å gå over Godøysundbrua. Deretter tar du andre veg/sti inn til venstre. Følg stien til du kjem til ein stor rotvelt, då svinger du 180 grader ned til venstre. Snart kjem du til ei lita bru som tar deg over til Maurholmen. Nyt skogens ro mellom krokete furutrer, før du snart er framme på den flotte utsiktsstaden Verdens Ende. Ta gjerne ein picknick på stranda like ved.

Blåbærhaugen 297 moh

Turmål på Onarheim som passar for dei aller fleste, ettersom det er grusveg heile vegen. Det er ein god del stigning, men ikkje meir enn at mange går denne turen med barnevogn.


Start er ved parkeringsplassen på veg til Storesætre.


På toppen blir du løna med ei fantastisk utsikt mot Onarheimsfjorden og Kvinnherad. Skriv du deg i turboka, sponsar Alsaker Fjordbruk Onarheim Idrettslag med 10 kroner.

Dagsturhytta "Miklastofa"

Ved Kyrkjevatnet i Uggdal ligg Tysnes kommune si flotte dagsturhytte. Det er eit lågsterskeltilbod som er gratis for alle å nytta, og som har universell utforming. Området rundt innbyr til rekreasjon, og det er badebrygge, gapahuk og toalett like i nærleiken. Inne i hytta er det ein kjekk hems, bøker, benker og omn. Her kan du nyta nista i ly for ver og vind.

Det tek ikkje mange minuttane å koma seg til "Miklastofa", og det er fleire ulike vegar å velja mellom. Du kan parkera og starta turen frå Uggdalseidet (v. sørenden av vatnet), på bakketoppen forbi Optimera på Heningen, eller frå ridebanen ved Myklestad (forbi Uggdal kyrkje).

Steinåsen 216 moh

Enkel tur som passar dei fleste. Gå skogsvegen som startar til venstre for industribygget like ved Malkeneskrysset, der det er stor parkeringsplass.


Skogsvegen er ein rundtur, og du kan gå begge vegar for å finna skilt mot Steinåsen (som er ein avstikkar). Det tek under ein time frå start til du er på Steinåsen.

Gjerstadstølen 333 moh

Stølsområde som er eit fint turmål for heile familien. Det er merkt sti frå Dalen (kortaste rute), Solheimsdalen og Gjerstad.


Frå Gjerstadstølen kan du mellom anna gå vidare til turmåla Svartavatnet og Tuvefjellet, eller heilt til Tysnessåto.

Teiglandsnuten/Vestrefjellet 340 moh

Til liks med Ramnanuten er også dette ein tur du kan ta i gangavstand frå Våge.


På toppen får du storslått utsikt i alle retningar, og spesielt flott er det å sjå ned på Tysnesbygda og øyane rundt, med ferja som kjem og går. 

Kyrkjefjellet 332 moh

Enkel tur i fint terreng, der du til slutt får flott utsikt mot blant anna Onarheimsfjorden og Hovlandsnuten. Start er frå Skaret, på austsida av vegen (motsett av vegen til Vasstøl/Hovlandsnuten).


Ein god traktorveg fører deg opp til furuskogen, og vidare på ein ganske så tørr og fin sti. I roleg tempo tek det ein god halvtime til toppen.

Ådnastegen

Ådnastegen er ein idyllisk støl i Tysnesfjellet, der du verkeleg finn roa. Fin stad for å ta ein pust i bakken før du går vidare til for eksempel Tysnessåto, Etlådna eller Hovlandsnuten. Når det er sagt, så er Ådnastegen absolutt eit fullverdig turmål i seg sjølv.


Til Ådnastegen går det merkt sti frå Skaret via Vasstøl, og frå Tverrelva. Det er også sti frå Grovatnet. Eit anna alternativ er å gå opp sherpatrappene frå Myrdal, og gå innover myrane frå toppen av Buskaret.

Gjøvågsvarden 306 moh

Stien hit startar omlag 50 m før krysset Gjøvåg/Kaldafoss. Første delen går på ein veg frå 1800-talet. Rett etter ei gamal bru av steinheller svingar stien opp mot høgre og klatrar raskt oppover åsen, mot omlag 200 moh og eit godt utsyn mot vest og nord. Frå åsen flatar stien noko ut opp mot Gjøvågsvarden.

På toppen har du godt utsyn mot Sotra og byfjella i Bergen, mot Folgefonna og mot vest over heile Austevoll, som skjermar Reksteren mot Nordsjøen bakanfor.

Grovatnet

Parker på Skjolda øvst i Solheimsdalen, og følg anleggsvei med fast dekke inn til skianlegg. Hald til venstre og fortset vidare på skogsveg. Fortset på skogsveg ved kryss etter 2,2 km (her går stien til Tysnessåto via Malkenesdalen opp til venstre). Frå enden av skogsveien går turen over ei myr før ein kjem inn i fin bjørkeskog.


Grovatnet er eit fint utgangspunkt for andre turmål i Tysnesfjellet, for eksempel Ådnastegen, Tysnessåto og Etlådna.

Salsborg 409 moh

Om lag 4,8 kilometer sørover frå Fv 78 frå Onarheim kyrkje (mot Hodnanes), er det tilrettelagd parkeringsplass ved vegen. Merkt sti til Salsborg startar ved informasjonsskilt.


Fyrste del av turen går opp den bratte Setrabrekko. Langs ruta vekslar ein mellom å gå gjennom lauv- og furuskog, over myrar, og slakt og bratt terreng. Nær toppen passerer du idylliske Salsborgtjødno. Heilt oppe er det utsikt i alle himmelretningar, og du kan sjå nær sagt heile Sunnhordland. 

Fiskevatnet rundt

Enkel og idyllisk tur som går forbi både foss, elv og vatn. 
 
Parker ved Lunde senter (Bunnpris) og finn turvegen som startar rett bak senteret, mellom barnehagen og eit bustadhus. Følg merking mot Bakkafossen. Vidare går det sti på begge sider av elva frå fossen, og ned mot idylliske Fiskevatnet. Følg så sti vidare til hovudveg ved Grimsland eller minnestøtta, og gå bilvegen tilbake til senteret.

Ilefjellet 444 moh

Ilefjellet er ein populær fjelltopp der du blant anna har nydeleg utsikt ned mot Våge og Bjørnafjorden.


Frå Våge i nord kan ein gå opp frå byggefeltet Vågsmarka, forbi Vågstjødna og på sti vidare til toppen. Frå sør kan ein gå frå Dalen, kor stien er godt merkt. Ein kan også gå frå Andersland.

Hovda 268 moh

Start ved turskiltet ved minnestøtta i Humlevik, der det er greitt å parkera, eller gå inn Sanddalen ved Belt. Sistnemnde alternativ går på traktorveg og deretter enkel sti, medan det fyrste har litt meir krevjande terreng.
 
På toppen er det nydeleg utsikt mot Lundebygda, Bjørnafjorden, Os og Fusa.

God tur!


Share by: