Aktivitetar
Uansett kva slags interesser du har, er me sikre på at du finn noko kjekt å gjera på Tysnes.
Tysnesfest
Tysnesfest er ein populær festival som begeistrar både små og store, og trekkjer publikum frå store delar av landet. Festivalen har tidlegare hatt besøk av internasjonale namn som Tom Jones, Ronan Keating, Toto, Europe og The Prodigy.
I tillegg til kveldskonsertane på Gjerstad består festivalprogrammet av dødsing, marknadsdagar, såtekonsert, helikopterturar, frukostshow og mykje anna kjekt. Tysnesfest har også ein eigen minifestival for den yngre garde; Tysnesfest UNG.
Tysnesfest 2025 går av stabelen frå 10. til 13. juli.
Stolpejakten
I perioden 1. mai til 1. november kan du leita etter fleire hundre stolpar i Tysnes kommune, fordelt på ulike kart. Jakta føregår både til skogs, til fjells, til havs og sjølvsagt også på lett tilgjengelege stader. Her er det stolpar for alle funksjonsnivå.
Stolpejakten er ein flott måte å bli betre kjent med Tysnes på, og det er sjølvsagt heilt opp til deg kor mange stolpar du vil leita etter. Kvar registrerte stolpe gjev deg eit lodd i trekninga av flotte premiar.
Korleis delta? Last ned appen “Stolpejakten”, lag deg ein brukar på
stolpejakten.no, og du er klar. God tur!
Sauna i sjøkanten
Som eit smykke i Våge gjestehamn ligg Tysnes Fyrstove - ei flott badstove med plass til 8-10 personar. Perfekt for vennegjengar, utdrikningslag, m.m. Her blir du sveitt og glad, uansett årstid. Utsikta er nydeleg, og avstanden til sjøen kort, berre 60 centimeter! Det er badebrygge med stupetårn rett utanfor badstova.
Du kan bestilla time på Tysnes Fyrstove si nettside, så er omnen varm og god når du kjem. Ta gjerne ein godt måltid på Mandelhuset før eller etter.
Padling
Flatråkervassdraget, Onarheim-vassdraget, Bårdsundet, Godøysund og Ånuglo – ja kort sagt rundt heile Tysnes – er det idylliske område for padling.
Lyst til å padla i lag med andre, eller spørja lokale padlarar om tips til fine padleruter? Bli med i Facebook-gruppa "Padle(im)puls Tysnes".
Er du på Tysnes på meir eller mindre fast basis kan du også vurdera eit medlemskap i Båtlaget Njord/Tysnes, som har ei eiga kajakkgruppe.
Golf
Tysnes golfklubb ligg flott plassert på Dalen ved eit av dei mange utgangspunkta for turar i Tysnesfjellet, og like ved Haaheim Gaard. Her er det mogleg å spela golf både for nybyrjarar og meir erfarne spelarar.
I 2022 stod ein splitter ny golfsimulator klar til bruk. Vêr er med andre ord inga hindring om du vil ha deg eit slag golf på Tysnes.
Tur-orientering
Ein kjekk aktivtet som kombinerer fine naturopplevingar med orientering.
2024-sesongen:
Fram til 15. oktober ligg det postar ute i
Tysnesfjellet og på Reksteren, og du kan kjøpa turorienteringskonvoluttar hos Bruntveit Handel, Joker Onarheim, Joker Uggdal, Tysnes blomster og interiør eller Bunnpris Lundegrend.
På Onarheim
er det lagt ut postar i området frå Onarheimsvatnet til Kløv. Desse ligg ute til 15. august, og turorienteringskonvoluttar kan kjøpast hos Joker Onarheim.
Putball
Den relativt nye blandingssporten putball er komen til Nesse Gard. Her følgjer ein golfprinsippa, men tek i bruk fotball og beina. Målet er å sparka ballen i hola med færrast mogleg spark. Dei ni hola på området har ulik vanskegrad, nokre skal vera nybyrjarvenleg, andre vil ha hinder i sin veg. Spelet er uansett ope for alle, sportsglade eller ikkje, eldre og yngre. Alt som trengst av utstyr låner du på staden, og betaling skjer via Vipps (100 kr for vaksne, 50 kr for born over 6 år).
Banen er open alle dagar frå 1. mai og ut september. Om nokon vil leiga banen er det også mogleg. Ta kontakt via Facebook-sida eller på 98019259.
Vegen hit: Ta av mot Neshamn ved Søreidsvågen, og følg vegen til du når eit oransje skilt som seier "Velkommen til...”) Sjå så etter ein fargerik silo.
Pumptrack
Sommaren 2021 fekk Tysnes skule på Gjerstad heilt nytt uteområde, med pumptrack-bane og ein stor og variert leikeplass. Her er det kjekt for barn og unge å slå seg laus. Gangavstand frå hamna i Våge.
Det ligg også ein flott pumptrack-bane ved Bunnpris i Lunde.
Segling
Båtlaget Njord/Tysnes eig naustet Njordstø i Våge med tilhøyrande kaianlegg. Laget har eit aktivt siglarmiljø, og du er velkommen til å ta kontakt dersom du ønsker å prøva deg i denne sporten. For dei yngste kan den årlege Sjøsportveko (i juni) anbefalast.
Bowling
I Tysneshallen på Gjerstad er det ein bowlinghall med tre banar.
Info om opningstider og prisar finn du ved å trykka på knappen under.
Tufteparken i Peralio
Lågterskel-treningstilbod der du bruker eigen kroppsvekt på ulike apparat, samstundes som du kan nyta ei nydeleg fjord-utsikt. Tufteparken ligg i gangavstand frå Våge, og er gratis for alle å bruka.
Frå Våge følgjer du først Teiglandsvegen nokre hundre meter, og deretter Peralivegen. Du ser tufteparken på høgre hand når du er nesten heilt nede ved sjøen.
Sandvolleyball
Tysnes har tre fine sandvolleyballbanar som du fritt kan bruka:
1. Apalvika i Lunde (biletet)
2. Kjevikjo i Uggdal
3. Reiso, ved Njardar sin grasbane
Hugs å ta med eigen ball!
Tysnes frå sykkelsetet
Heile Tysnes er godt eigna til fine opplevingar på sykkelen. Sjå deg ut eit tilfeldig mål på kartet, eller vel ein av rundturane nedanfor.
Våge – Uggdal – Onarheim – Lunde – Våge 43,5 km.
Syklar du rundt øya får du ein svært variert tur, gjennom både ubebygde strøk og vakre kulturlandskap. Store delar av turen går langs Onarheimsfjorden/Hardangerfjorden, med utsikt til Kvinnheradsfjella og med Folgefonna i bakgrunnen.
Våge – Flatråkervassdraget – Våge 31 km
Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i Våge og går gjennom skogkledde område og langsetter blenkjande vatn. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roa. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv.
Onarheimsvatnet
Kano - trøbåt - robåt - fiske - bading
Ved Onarheimsvatnet ligg det eit fint aktivitetsområde som grunneigar har stilt til disposisjon for friluftsglade folk. Her kan du leiga trøbåt, robåt og kano, og du kan fiska etter aure og røye. Det er fritt fiske i vatnet, og ynskjer du å setja ut garn kan dette lånast av grunneigar. Her er elles benkar og grillar, og ikkje minst ein romsleg lavvo med grue.
Staden ligg om lag 17 minutt (med bil) frå Våge sentrum, og berre eit par minutt frå Onarheim. God parkeringsplass like ved. Hugs å ta med redningsvest og evt fiskestang. Kanskje teltet blir med også?
Leikeskogen på Nesse Gard
På Neshamn finn du eit flott tilrettelagt familieområde, der det er perfekt å ta borna med på oppdagingsferd og leik. Her er det mykje å sjå på og ta seg til, spesielt for dei minste. Langs naturstien «Hakkebakkestien» møter ein blant anna Klatremus og Bestemor Skogmus - fint måla på treplank. Leikeskogen byr elles på lavvo, vikingskip, leikehytte, mange ulike disser, balanseline, utsiktstårn m.m. Ved «utefjøset» kan ein låna bålpanner og ved. Det er også kashmir-geiter i området som ein kan få helsa på og mata.
Vegen hit: Ved Søreidsvågen følger du skilting mot Neshamn. Etter ca 6 kilometer, like før kaien, tek du opp til høgre ved eit skilt der det står «Velkommen til Hakkebakkestien». Fortset vidare oppover, forbi den fargerike låven som du får på venstre hand.
Tysnes vinterbading
Tysnes vinterbading er gruppa for deg som likar å utfordra deg sjølv, og for deg som ikke er redd for einsifra temperaturar i sjøen. Frå seint på hausten til påske møtest gjengen éin laurdag i månaden klokka 12 til en frisk dukkert frå badebrygga i Våge hamn. Etter badinga samlast ein til varmande suppe og drøs på Mandelhuset.
Gruppa er open for alle, ta gjerne med ein venn!
Kontaktperson: Christian Nome Lepsøe, tlf 995 42 336
Fiske
Tysnes er eit populært reisemål for fisketuristar. Dersom du ikkje har eigen båt, kan du ta kontakt med Tysnes Hytte- og Båtutleie & fiskeguiding. Dei tilbyr både fiskeguiding og båtutleige. Røye- og laksefiske kan også tingast.
Tlf.: 988 88 261 / 997 45 533
mail@tysnes.com
Tysnes folkebibliotek
Tysnes folkebibliotek ligg i Tysneshallen på Gjerstad. Her finn du ei flott samling barne- og ungdomsbøker, teikneseriar, tidskrift, lydbøker, samt skjønnlitteratur og sakprosa for vaksne.
Biblioteket er meirope. Det vil seia at lånarar kan bruka biblioteket også utanom bemanna opningstid (alle dagar kl. 08:00-22:00).
Tysnes folkebibliotek er med på Sommarles, og tilreisande sommarlesarar kan sjølvsagt også hente premiane sine der.
Sjå Facebook eller heimesida for informasjon om opningstider.
Grendatun kino
God gamal bygdekino i Uggdal driven på dugnad, med mest aktivitet i vinterhalvåret.
Følg med i facebookgruppa for å bli informert om aktuelle filmar.